annonse

Stord si rolle som jernprodusent i romartida

: Ved Saneset renn det ein bekk ut i Ådlandsvatnet som er så brun av rust at det ikkje kan vera tvil om kva den inneheld, skriv Hans Ingvar Romsloe. (Foto: Privat)

Ved Saneset renn det ein bekk ut i Ådlandsvatnet som er så brun av rust at det ikkje kan vera tvil om kva han inneheld.
 
 
 
Lenge før det stod ei flaumsag her og bekkjen fekk tilnamnet Sanesbekkjen, for om lag to tusen år sidan, var det mest sannsynleg drevet jernutvinning frå den jernhaldige myrmalmen i Tysemarko der bekkjen kjem frå.
 
 
 
I ei tid på Stord som er like fascinerande som ho er gløymt, før lokale nedskrivingar vart gjort, berre stadnamn, teikn i naturen og geopolitiske hendingar uti verda står att og kan fortelja om.
 
 
 
Romarriket trengde jern til våpen og rustning av hæren sin. Godt serisk stål frå India var mogeleg å skaffe, men importruta var lang og usikker. Det var kjent i Romarriket at det fantest store malm- og myrmalmførekomstar i Skandinavia. Noko jernutvinning i mindre skala har det òg vore med eksport til England og kontinentet.
 
 
 
Julius Cæsar innleia Romariket sine interesser i Britannia i år 55 før Kristus, som enda med okkupasjon av Sør-England i år 43 etter vår tidsrekning.
 
 
 
 
LES OGSÅ: Slik var det på Rommetveit i vikingtida
 
 
 
 
 
Dette gav òg kontroll over Noreg, eller Britannia Ceasariensis som romarane kalla oss på den tida. Administrasjonen var i Eboracum meir kjent som Jordvik i vikingtida eller dagens York i England. Metalleksport frå Noreg til England hadde allereie eksistert sidan bronsealderen med tinn frå Ryfylke og kan hende kopar frå Visnes og Kopervik. Jernutvinning i England var i tillegg i si spede byrjing.
 
 
 
Romarane deporterte etter kvart Noric-folket frå Alpefjella til Noreg, dei var jernkyndige folk som skulle få fart på produksjonen. Men i Noreg var det litt for lite slaggdannande kalk i jernmalmen, så dei fekk tekniske problem. Odin-slekta, eller Æsene som no var i områda rundt Svartehavet på vandring austfrå, var også kjende som jernkyndige folk. Løysinga no var å gje denne slekta fritt lende til Skandinavia med første sete i Odense (Odinsete) i Danmark. Dette blir vidare grunnlaget for kongesagaen om Yndlinge slekta i Uppsala i Sverige som er godt skildra i Snorre.
 
 
 
I byte skulle Odinslekta vidareutvikla jernproduksjonen og handle jernet med romarane.
 
 
 
Med seg frå aust hadde dei ordet «Ty» for jern. Etter uro i opphavsområdet nordaust i India hadde dei vore ei stund innom Kina og utveksla erfaringar om jernproduksjon der. Dei lærde kinesarane opp til å lage dugande jern og stål til våpen. I kinesisk er enno ordet for jern «Tie».
 
 
 
Til Stord kom det òg representantar frå Odinslekta samt romerske protektorar. Myrmalm fann dei i rikeleg mon i det dei kalla Tysemarko (Jernmarko). Og Tyneset fekk òg sitt namn frå dei. Det skal vera ein del ballaststeinar lempa ut frå båt utanfor Tyneset, så det er mogeleg at jernbarrar blei eksportert ut herifrå.
 
 
 
Stord har eit høgt fjell der regnvatn eroderer på steinen og tek med seg jernoksid ned i låglandet der det blir hengande igjen i myrane. Det er også mange andre stadar med ty i seg som Tysnes (før Njardarlog) og Tyssedal som kan ha med jernutvinning å gjera, men her kan det og hende namnet kjem av gudedyrking av Tor/Tyr. Tor er ein del av Odin-slekta, betre kjent med det klingande namnet Tor med hammaren - far til den første Odin.
 
 
 
I Sysendal i Hardanger er det funne restar av blåsebelgar og kullbrennings groper i landskapet rundt dei jernhaldige malmmyrane, samt mykje slagg. Slagghaugar etter jernproduksjonen er òg funne i Sogn og fleire andre stadar på Vestlandet.
 
 
 
På Rommetveit kan det etter namnet å døma ha budd romarar. Det er funne ein romersk gullring frå denne tida på Lundemannsverk og romersk glassberger frå ein gravhaug på Rommetveit. Romarane på Stord var truleg under den romerske høvdingen på Avaldsnes, Aballos neso eller Apollos nes (Gresk og Romersk gud). I grava hans, det såkalla flagghaugfunnet vart det funne romerske våpen samt ein halsring i gull som var den høgaste utmerkinga ein soldat kunne få i den romerske hær - Torques (General).
 
 
 
 
Avaldsnes var også flåtehamn for Classis Britannica, forutan knutepunktet til England var dette også starten på seglingsruta austover langs kysten austover til Ostia Locus eller Oslo. Her kom det jern frå Austlandsområdet (styrt frå Romarriket) som også skulle vidare til Britannia, Galliske hamner og til slutt romerske våpensmier.
 
 
 
Då er det berre å byrje å leite på Stord etter handfaste bevis..
 
Hans Ingvar Romsloe
 
 
Kjelder: 
www.norik.net
Stord Bygdebok
Sjå gjerne bilete på Facebook-sida «Historielag for vestlandet».

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut