annonse

Støre og Stord

PÅ STORTINGET:
PÅ STORTINGET: Magne Rommetveit er stortingspolitikar for Ap. (Foto: PER EGIL LARSEN)

– Eg er glad for at leiarane i det største politiske partiet og den største arbeidstakarorganisasjonen i landet vårt brukar ein dag på Stord og på leverandørindustrien vår som gir arbeid til så mange her vest, skriv Magne Rommetveit.

  • Lesarbrev

Jonas Gahr Støre og LO-leiar Hans Christian Gabrielsen var nyleg på Stord. Dei kom her denne dagen for ved sjølvsyn å få med seg den store industrielle aktiviteten som er på øya for tida. Og dei kom ikkje minst for å lytta til Kværner og Statoil og til dei tillitsvalde, for å få høyra frå dei som er direkte oppi det, kva som kan sikra landet vårt god industriell aktivitet også i tidene framover.

Eg er glad for at leiarane i det største politiske partiet og den største arbeidstakarorganisasjonen i landet vårt brukar ein dag på Stord og på leverandørindustrien vår som gir arbeid til så mange her vest.

Det har slett ikkje alltid vore full aktivitet ved Kværner Stord. Som Stordabuar har me på nært hald opplevd alt frå nærast Klondyketilstandar med tre-firetusen tilreisande gjestearbeidarar til tunge og lange periodar med ordretørke og stor arbeidsløyse. Begge desse ytterpunkta er sjølvsagt og på mange vis utfordrande for eit lokalsamfunn og ein region. Nettopp derfor er det så viktig at dei store selskapa innan offshoreindustrien, dei fagorganiserte og sentrale politikarar møtest og drøftar korleis me best kan innretta industripolitikken og arbeidslivspolitikken i landet vårt. Og då får det vel heller våga seg at me også nærmar oss eit stortingsval. Og eigentleg er det vel også når ein står føre viktige val at det også er viktig å ta opp dei tinga som er viktige for folk. Arbeid er svært viktig for folk. Både det at det er arbeid til alle og at me har eit ryddig og trygt arbeidsliv.

Me har vore gjennom vanskelege tider der om lag 50.000 oljerelaterte arbeidsplassar har forsvunne. Heldigvis ser me fleire lyspunkt for tida, og me må alle sjølvsagt gle oss over at det nå ei tid framover er arbeid til fleire, som no er tilfelle på Stord. Men me må likevel ikkje gløyma at mange no står utanfor arbeidslivet, og ungdomsarbeidsløysa er høg. Det er folk og familiar det handlar om. Mange har blitt råka av permitteringar og av at arbeidsplassar har blitt lagde ned, og fleire har måtta gå over til lausare tilsetjing med dårlegare løns- og pensjonsvilkår.

Liv Kari Eskeland frå Høgre gjev i eit lesarinnlegg uttrykk for at det er regjeringa sin politikk som har ført til at det no ser noko lysare ut for industrien vår og for sysselsetjingssituasjonen i Sunnhordland. Det er vel heller slik at Høgre og regjeringa alt for seint tok inn over seg den krisa som ramma oljeindustrien generelt og oss på Sør-Vestlandet spesielt. Mellom anna kom endringane i permitteringsregelverket altfor seint og då etter sterkt press frå partane i arbeidslivet. Og sjølv om me no altså ser større industriell aktivitet i vår region, så kan me ikkje sjå vekk ifrå at det framleis er låg sysselsetjing og at det er liten jobbvekst i landet vårt. Dette konstaterer også NHO sin sjefsøkonom, Øystein Dørum, som seier at ein ikkje skal grava så mykje i tal før ein ser at grunnen til at talet på ledige går ned ikkje er at det blir skapt fleire jobbar. Tvert imot viser han til at talet på jobbar har gått ned dei siste åra.

Arbeid er det viktigaste framover, ikkje bare på grunn av arbeidsløysa, men fordi det er folk som står utanfor arbeid. Sysselsetjinga er låg. Det er altfor mange unge som er ledige, og det er fleire som strevar med å få lærlingeplass. Så det å sørgja for at det blir skapt jobbar er høgt prioritert for oss i Arbeidarpartiet. Dei siste 2-3 åra er det nesten ikkje skapt jobbar i dette landet. Dei som er skapte er i hovudsak i offentleg sektor. Det er ikkje berekraftig på sikt.

Om eit par år er vel Njord A- og Johan Sverdrup ferdigstilte og slepte til havs. Det same med Aasta Hansteen og havvindmøllene som skal til kysten av Skottland. Det viktigaste nå er ikkje å kvila på dei kontraktane industrien vår har under arbeid. Det vil vera endå viktigare at me blir endå betre til å bruka den teknologiske kompetansen som er opparbeidd i industrien til å skapa endå fleire arbeidsplassar her langs kysten vår. Og det er det me må vera med å legga til rette for, også dei av oss som kjem på Stortinget frå hausten av. Det blir hovudutfordringa dei komande åra, at me klarar å skapa nye arbeidsplassar i privat sektor. Og då er sjølvsagt politikarane viktige premissleverandørar, saman med arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida. Det er dette som er den «Norske modellen.» Og det var desse drøftingane som var det viktigaste denne dagen Jonas Gahr Støre og Hans Christian Gabrielsen hadde på Stord.

Magne Rommetveit

Stortingskandidat Arbeidarpartiet

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut