annonse

– Stort engasjement for Sunnhordland

Inspirerte
Inspirerte: Marco Elsafadi i samtale med deltakarar på inspirasjonsdag for ungdomsråda i Sunnhordland. (Foto: Samarbeidsrådet for Sunnhordland)

  • Meiningar

Korleis kan Sunnhordland bli ein endå betre region å vekse opp i? Og korleis blir det så bra i Sunnhordland at ungdommane kjem tilbake etter endt utdanning? Dette var noko av det som var tema på inspirasjonsdagen for ungdomsråda 9. juni.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet driv gjennom satsinga Utviklingsprogrammet for byregionar – Byregionprogrammet – eit program som skal bidra til å styrkja vekstkrafta for byregionane som deltek.

Sunnhordland er deltakar i prosjektet med «Byen og regionssenteret Stord, lokomotiv for vekst og utvikling!».

I programmet jobbar ein mellom anna med attraktiviteten til Sunnhordland – både som bu- og arbeidsarena no og i framtida. Ungdomsråda i Sunnhordland er ein viktig ressurs for utviklingsarbeidet i regionen. Samarbeidsrådet for Sunnhordland inviterte difor til inspirasjonsdag for medlemmene i ungdomsråda 9. juni. Arrangementet fann stad på Stord Hotell.

Ungdommane jobba i grupper på tvers av kommunegrenser og kom saman fram til innspel på korleis Sunnhordland kan bli ein endå betre region å vekse opp i. Både svara her og tankane dei hadde for kva som skal til for at ungdommane skal kome tilbake til regionen etter endt utdanning vert teke vidare til medlemmene i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

SLT-koordinator og koordinator for ungdomsrådet i Bømlo kommune, Stian Olderkjær hadde med seg ungdommar frå Bømlo Ungdomsråd på inspirasjonsdagen. Det er viktig at ungdommar i slike posisjonar får møta andre i same regionen for å diskutere det som vedgår dei. Gruppearbeidet viste tydeleg at ungdomane hadde mykje å snakka om, fortset han. Han seier at dagen viste at det er eit stort behov for ein slik type samling, og held fram at han håpar samarbeidet kan formaliserast. Olderkjær ser svært positivt på at innspela frå samlinga blir formidla vidare til samarbeidsrådet.

Ordførar i Fitjar kommune og styreleiar i samarbeidsrådet, Wenche Tislevoll ynskte deltakarane velkommen.

Blant innleiarane var Marco Elsafadi som snakka om samspel og sjølvtillit. Han fekk fram både latter og ettertanke hjå tilhøyrarane. Nina Østensjø frå Atheno leia gruppearbeidet. Kommunikasjonsansvarleg i NCE Maritime CleanTech, Marie Launes, fortalde ungdommane korleis klyngja er sett saman og kva dei jobbar med. Ho snakka også om det framtidsretta arbeidet deira og korleis arbeidet kan påverke framtida. Frå Bufdir var Lillian Solheim komen. Organisasjonen Aktiv Ungdom er ei støtteordning for ungdomsprosjekt og Solheim kunne fortelje om fleire mogelegheiter her.

Det var også tid til å høyre litt kva kulturlivet i Sunnhordland byr på. Student ved HVL og songar Katarina Lunde bydde på nydeleg song.

Anne Synnøve Lønne
Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut