annonse

SV kjem med direkte feilinformasjon

IKKJE SAMD
IKKJE SAMD: Sigbjørn Framnes (biletet) meiner Kjellbjørg Lunde feilinformerer. (Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV)

  • Meiningar

Svar til Kjellbjørg Lunde, SV.

Eg er sjeldan einig med representanten frå SV, utan at det utløyser noko lesarbrev. Men i lesarbrevet hennar 28/06 kjem representanten med direkte feilinformasjon. Ein kan nesten tru ho bevisst fører veljarane bak lyset, så eg er nøydd å kommentera.

For det første så har Frp stemt imot samanslåing av fylka Hordaland og Sogn & Fjordane. Lesarbrevet frå Lunde antydar at me har ivra for denne samanslåinga. Her må ho gå til eigne samarbeidsparti på fylket med kritikken, det er Ap/Sp i begge fylka som har køyrt prosessen og ivra for samanslåing av fylka.

For det andre uroar Lunde seg for økonomien i fylket, og det med rette! Skytset skulle ho nok heller ha sendt i retning av eige parti. Største årsaka for at fylket no må spara er kostnadane knytt til elektrifisering av ferjer i fylket og elektrifisering av bussane i Bergen sentrum. For elbussane gjekk koalisjonen mot anbefalinga frå administrasjonen. Elektrifisering av bussane krev investering i infrastruktur på fleire hundre millionar og om ein skal oppretthalda regulariteten må ein inn med fleire bussar. Dette gjev store ekstra årlege driftskostnadar for fylket. Når ein i tillegg veit at sitjande koalisjon på fylket lånefinansierer til drift for 2019 må ein stille spørsmål om Lunde medvite villeiar veljarane eller om ho berre ikkje veit betre. Når ein også veit at koalisjonen i junitinget brukar deler av overskotet frå 2018 til ekstra bevilling i 2019, mot fylkesrådmannen si tilråding, så er det med på å gjera stoda i 2020-budsjettet enda verre. Rådmann hadde i sitt forslag lagt dette inn som overføring til 2020 budsjettet. Konsekvensen er at no må me effektivisere meir enn 100 millionar på fylkesbudsjettet for 2020.

For det tredje så tilrår Lunde å stemme SV! Om det er på grunn av økonomisk styring så er tilrådinga uforståeleg, alt tyder på at skal ein betra økonomien bør ein ikkje gjer som Lunde seier.

Spesielt blir det og når ein veit at Lunde og SV også sit i posisjon i Stord kommune, der om lag heile eigedomsskatten no går til drift, sjølv etter at den blei auka med 25 % i 2019. Driftsoverskotet er forverra med over 90 % sidan dei overtok. Innbyggjarane i Stord kan sjå fram til ein enda større auke i eigedomsskatten dersom dei ikkje stemmer for eit skifte.

Min sterke tilråding er at me må ha eit skifte, no trengst det handlekraft. Det leverer eit sterkt Frp i styringa både i fylket og i Stord Kommune!

Sigbjørn Framnes
Ordførarkandidat Stord Frp
2. kandidat Vestland Frp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut