annonse

«SV ser ut til å få rett»

Nytt fylke
Nytt fylke: «SV, som har gått imot samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane, ser ut til å få rett», skriv Kjellbjørg Lunde (SV). (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Eg viser til sak i Sunnhordland si papirutgåve onsdag, med tittelen «Dårleg start for nytt fylke».

Det blir det nok, men ikkje av grunnar som artikkelen innleia med, illustrert med bilete av Frp sin andrekandidat til det nye fylkestinget. Han er overraska over fleire ting; m.a. at møte i fellesnemnda i nye Vestland blir flytta på, men særleg at det ikkje blei votert over eit forslag frå Venstre om å spreie arbeidsplassane i det nye fylket ut i distrikta.

Sunnhordland skriv i ingressen til artikkelen: «Venstre ville spreie arbeidsplassane ut i distrikta. Det ville ikkje Sp og Ap».

Dette er ein påstand det ikkje er faktagrunnlag for. Det ser ein om ein les resten av artikkelen. Forslaget blei ikkje realitetsbehandla, så vi veit ingenting om korleis dei andre partia stiller seg til spreiing av arbeidsplassar. Forslaget var innsendt innan fristen, men ikkje sendt ut til politikarane (ikkje oppgitt grunn). Det var årsaka til at leiinga i fellesnemnda, frå Ap og Sp, ikkje ville ta forslaget opp til behandling og vedtak. Det er vanleg forsvarleg saksbehandling at når politikarar/parti ikkje har hatt høve til å drøfte ei sak.

Men ein av grunnane til at eg også meiner at det nye Vestland fylke får ein dårleg start, kjem fram i slutten av artikkelen.

Regjeringa som både Sigbjørn Framnes sitt parti FrP og forslagsstillaren Anne Beth Njærheim frå Venstre er medlem av, har lagt fram og fått vedteke i Stortinget eit økonomisk opplegg som gjer at kommunesektoren kjem dårlegare ut, bl.a. ingen vekst i dei frie inntektene. Dette gir, som opplyst i artikkelen, at nye Vestland startar med kutt i driftsutgiftene på 100 millionar, noko som vil auke til 400 millionar i året fram mot 2023. Planlagde investeringar blir utsette med eitt år, noko som m.a. går ut over Stord vidaregåande skule.

SV, som har gått imot samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane, ser ut til å få rett. Regionsreforma vil bli brukt for å spare offentlege utgifter under honnørord som effektivisering og meir rasjonell drift. Frå høgresida er nok den meir og mindre skjulte agendaen; Å leggje til rette for meir privatisering og kommersialisering av tenestetilbodet.

Vi fryktar at i staden for desentralisering og oppbygging av sterke fagmiljø i heile storfylket, blir resultatet sentralisering og fragmentering, og ein dragkamp for eigne lokale interesser.

Det seier seg sjølv at motsetnadane blir ekstra store når ein frå starten av ikkje får midlar til å imøtekomme innbyggjarane sine behov på ein god måte. Ansvaret for det har regjeringa og stortingsfleirtalet frå dei partia som er i regjering.

I valet i september kan ikkje veljarane gjera noko med det, men dei gjer klokt i å gje si stemme til dei partia som vil sikre tenestetilboda gjennom ein betre kommuneøkonomi, både i fylkeskommunane og dei andre kommunane.

SV er i så måte eit godt val!

Kjellbjørg Lunde,
Stord SV

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut