annonse

Svar til Magne Misje

Svarar
Svarar: Liv Kari Eskeland. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Magne Misje rettar i eit lesarinnlegg 02.02.19 nokre spørsmål til meg som eg skal freiste å gje svar på.

Det Misje spør om, er forhold som er teke inn i den nye regjeringsplattforma men som vart utgreidd og politisk handsama i evaluering av bioteknologimeldinga våren 2018.

Spørsmålet går i korte trekk ut på kvifor det no må framleggjast politiattest og barneomsorgsattest når par søkjer om assistert befruktning.

Bakgrunnen er at det er trong for ein meir einsarta og føreseieleg praksis knytt til kva opplysningar om søkjar som skal hentast inn og leggjast vekt på ved assistert befruktning. Fagmiljøa og Bioteknologirådet etterlyser endringar i dagens regelverk og praksis. Deira framlegg er at det bør innførast ei plikt for alle par som søkjer assistert befruktning til å leggje fram ein barneomsorgsattest eller politiattest. I saka som vart handsama vår, stilte alle parti, bortsett frå Sp, seg bak denne merknaden. Dette vert gjort for å ivareta barnet.

Det er ikkje vanskeleg å skjønne at par som er i prosess for assistert befruktning er i ein sårbar situasjon, og kan føle at det er urimeleg at dei må avkrefte ein potensiell mistanke om ikkje å vera eigna til å ha omsorg for eit barn. Men dagens ordning tryggjar ikkje barnet godt nok, og vi som samfunn må gjera det vi kan for å unngå at par som har gjort brotsverk mot barn får samfunnet si hjelp til å få nye barn. I desse sakene er det alltid barnet sin tryggleik som må vega tyngst.

Vidare var det spørsmål om plikt til å informere barnet ved assistert befruktning, her var kun ein del av setninga teke med, spørsmålet vart difor stilt på feil grunnlag. Fullstendig setning er: «Opprettholde ikke-anonym sæddonasjon, og innføre en plikt for foreldre til å informere barnet dersom det er unnfanget gjennom assistert befruktning, for å ivareta barnets rett til å kjenne sitt biologiske opphav.»

Dette vil difor gjelde ved sæddonasjon (slik starten av setninga seier) og ikkje ved prøverøyrsbehandling slik det vart framstilt i teksten frå Misje.

Liv Kari Eskeland,
stortingsrepresentant Høgre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut