«Ta samane på alvor – ingen gift i Repparfjord»

Den norske stat har, gjennom sin mangeårige fornorskingspolitikk, skuld i at viktige deler av samisk kultur har forsvunne, skriv Tara Wiers Kvamme.
Lenge har staten hindra samar i å utøva sitt virke, sin kultur og sitt språk. Det var ikkje før i 1967 at undervisning på samisk vart ein rett i Noreg. I tidsskriftet Gáldu anslår historikar Henry Minde at det vil ta minst 120 år med dagens løyvingar til Sametinget og samiske føremål før beløpet speglar pengane som vart nytta til å utslette den samiske kulturen.
Me burde ha vore ferdige med å køyre over samiske rettar for lengst. Likevel ynskjer Framstegspartiet å leggja ned Sametinget, som er ei folkevalt forsamling med oppgåve å verne om samiske interesser.
At eit norsk regjeringsparti lukkar augo for dei alvorlege såra som kom etter fornorskingsprosessen er bekymringsverdig av fleire grunnar. Me i Sosialistisk Ungdom meiner det er heilt grunnleggjande at eit folk skal ha råderett over sine eigne område.
Like sjokkerande var det då Venstre gjorde sitt inntog i regjeringa i januar, og villig signerte ei regjeringsplattform som held på planane om å tillate gruvenæringa å dumpe giftig gruveavfall i Repparfjord i Finnmark. Repparfjord er ein nasjonal laksefjord som i dag er viktig for både fisket og reindrifta. Gruveavfallet inneheld giftige tungmetall som kobbar, nikkel og krom som kjem til å øydeleggje fjorden.
Les også: Her er det nye styret i Stord Sosialistisk Ungdom
Reindrifta står for den mest klimavennlege og mest berekraftige kjøtproduksjonen me har, og er viktig for å halde på samisk kultur og god distriktspolitikk. Det er ei skandale at denne eldgamle næringa må ofrast for eit kortsiktig gruveprosjekt.
Urfolk over heile verda opplev grove inngrep i sin kultur og på sine området. Dette vart spesielt tydeleg under kampen mot Dakota Access Pipeline for berre eitt år sidan. Norske myndigheiter har no sjansen til å vise at me ikkje vil vera med på trenden. Regjeringa må gjera det einaste rette, og sei nei til giftig gruveavfall i Repparfjord. Samefolkets dag 6. februar er ein glimrande dag til å starte!
Tara Wiers Kvamme (15),
leiar i Stord Sosialistisk Ungdom
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.