annonse

Takk til Fitjar-politikarane

Augeblinken
Augeblinken: Her seier politikarane nei til å leggja ned skular i kommunen. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Takk for at me fekk behalda grendaskulane.

Diverre måtte nokon «stikka ein liten kjepp i hjulet» på målstreken.

Ei spesiell takk til dei politikarane som har stått fram med støtte til grendaskulane, og brukt mykje tid og krefter på å snu kvar stein for å finna løysingar.

Takk for at de har stått på trass stor motstand. Takk for at de ser kor viktig grendene er for Fitjar kommune, og at det er grendaskulane som er «hjarta» som i stor grad gir liv og tilflytting til grendene/Fitjar kommune.

Takk òg til alle som har vist stort engasjement i Dåfjorden, Øvrebygda og Rimbareid. Dette har teke mykje av tida som normalt skulle vore brukt til juleførebuingar. No kan me alle ta «tak i jula» att og gle oss til ei fredfull jul og julefestar på grendaskulane med ro i sinnet ...

Lærarane kan igjen få tankane over på det dei kan og vil, elevane våre, framtida vår!

Det er vel sjeldan denne julesongen har passa betre på Fitjar enn i år: «Det lyset i «Fitjar-grender» av tindrande ljos i kveld ...»

God jul og godt nytt år til alle sambygdingar i Fitjar!

Jan Oddvard Mongstad,
Dåfjord Næringsforum

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut