annonse

Takstauke og kostnadsstyring

Kritisk
Kritisk: Annar Westerheim er kritisk til ei rekkje omstende kring Bømlopakken, og håpar at sentrale styresmakter snart grip inn. (Foto: Illustrasjon)

  • Meiningar

Bømlo kommunestyre behandla Bømlopakken ll i 2017. Kommunestyret gjorde slikt vedtak: Bømlopakken ll skal frå oppstart praktisera dei nye retningslinjene for takst- og rabattsystem (20 %) vedteken i stortingsproposisjon 1. Og taksten på Bømlabrua skal ha same takst som indre bomring.

I Bømlo-nytt kan me lesa at rådmannen i Bømlo fremja sak om takstauke til formannskapsmøte førre veke.

Taksten frå oppstart i 2013 var kr 65, med 50 % rabatt 32,50. Så kom ny takstauke i mai 2016 til kr 80, med 50 % kr 40 pr. passering.

No kjem forslaget om innføring av det nye rabattsystemet som avgrensar seg til 20 % rabatt, som resulterer i ein takstauke frå 40 til 64 kr.

Det blir ein auke på 960 kr månaden for dei som pendlar på jobb (tak på 40 passeringar i månaden). Passeringstak på 832 kr.i månaden kjem først når indre bomring er på plass med endra takstar.

For å få 50 % takstreduksjon var ved forskotering på 4800 på brikke avtalen for takstgruppe 1. Takstane er 2017-kroner og kan prisjusterast, og rådmannen opnar for auke i takstane om eitt år dersom endringa fører til reduserte inntekter.

I forslaget til indre bomring er det foreslått innkrevjing berre ut av sentrum, her seier ein nei takk til 17 mill. årleg.

Lånegarantien for Bømlopakken vart auka sommaren 2016 til 600 mill. Og gjeld fram til utgangen av 2030, vedtaket vart fatta på bakgrunn av god framdrift, og at bompengeselskapet må auka låneopptaket for 2017 og 2018 opp mot 600 mill.

Fylkeskommunen har stor gjeldsgrad. Kan Bømlopakken få større problem med å fullføra planlagde trasear framover når grunnlaget for garantien ikkje er oppfylt?

Dette med tanke på behov for ytterlegare auke i lånegarantien på bakgrunn av kostnadsauke i Bømlopakken.

Kan her ta med langtidsplan for fylkesvegar: I 2018 til 2029 er ikkje Stord og Fitjar kommunar tilgodesett med ei krone.

Innkrevjing er i vedtaket sett til 15 år, med behov forlengja med ytterlegare 3 år.

Oppstart av Bømlopakken var i den opphavlege godkjenninga 15 år frå 2013, etter kalkylar og planar nedbetalt i 2028.

Kjem ikkje oppstart av indre bomring før 2019/2020, kan innkrevjinga vara i verste fall fram til 2038. (15 + 3 = 18, totalt 25 år frå oppstart i 2013 )

Har Bømlopakken mista kontrollen over økonomistyringa?

Spørsmålet kjem på bakgrunn av tre takstaukar på kort tid, og lite framdrift med å få på plass indre bomring.

Når ein behandla Bømlopakken ll så seint som i møte april 2017, 10 månader sidan, og kommunen allereie no må til med ei kriseløysing, vitnar om dårleg styring.

Dei som pendlar på jobb må på ny bera heile innkrevjinga av bompengar. Om eg ikkje har misforstått, skulle innføring av nytt rabattsystem komma i samband med nye innkrevjingspunkt, kalla indre bomring.

Statens vegvesen sine anbefalingar før oppstart av Bømlopakken var tre innkrevjingspunkt, etter kost/nytte prinsippet. Med Hollundsdalen, i tillegg til Bømlabrua og ferja over Langevåg, ville innkrevjinga i Hollundsdalen tilført det doble av Bømlabrua og Langevåg til saman.

Med ÅDT på 5500 gjennom bomstasjon i Hollundsdalen, ferja Langevåg/Buavåg ÅDT 120 og Bømlabruo ÅDT 2700. i 2014.

ÅDT tal frå 2016 er 6500, 220 og 3500 for dei tre punkta.

Med tre innkrevjingspunkt i høve til Statens vegvesen sine anbefalingar frå dag ein, ville all diskusjon om takstauke og nye bomstasjonar vore unngått.

Inntektstapet tilsvarer kostnaden på FV-541 Sakseid – Ekornsæter, kalkulert til 201 mill.

Traséen FV-541 frå Sakseid – Hestaneset har pr. dato ei kostnadsramme på 361 mill.

Summerer ein dei prosjekta rådmannen la fram i møte juni 2016, kjem totalsummen på 838 mill. Då er ikkje kostnaden på FV- 19 Brubakken-Stangervåg med i kalkylen.

Med store overskridingar på den nyleg opna vegen Siggjarvåg – Stokkabekken langs fylkesveg 542 i friskt minne, bør varsellampene lysa raudt.

Ferja over Langevåg har vore oppe til diskusjon om nedlegging i det siste, avisa Sunnhordland skriv tilbake i 1990 i ein i ein artikkel om ferjedrift i Sunnhordland:

Fylkeskommunen pålegg innsparing på 10 mill. til ferjedrift, Skjersholmane – Utbjoa og Langevåg – Buavåg vert lagt ned når Trekantsambandet opnar.

Bompengar på Langevågferga er stadig framme i diskusjonen med dagens sats 26 kr (minus rabatt), og med ÅDT på 220 får Bømlopakken inn 1,3 mill.

Med bakgrunn i diskusjonen om innkrevjingskostnader på nye bomstasjonar, har eg saksa tal frå Langevåg-ferja på kr 9 mill. i kostnader over ein 10 års periode.

Så frå oppstart mai 2013 er ein i pluss (null) ved årsskiftet 2020/21. Til dei som er imot nye bomstasjonar innetter på Bømlo, kan eg opplysa at Stord-pakken har planar om bomstasjonar på alle vegar inn mot Leirvik sentrum (7 stasjonar), også på E- 39 mellom Stordabrua og Heiane.

Hordaland fylkeskommune behandla i fjor haust omlegging av nytt takst og rabattsystem for bompengeprosjekt i Hordaland.

Omlegginga inneber mellom anna fjerning av forskotsinnbetaling med tilhøyrande rabattar, og overgang til 20 % brikkerabatt for ulike køyretøygrupper.

For prosjekt som stortinget har handsama etter 06.11.15 vert rabattane fastsette i samsvar med det nye systemet.

For prosjekt som Stortinget har handsama før dette tidspunkt, krev omlegginga til det nye rabattsystemet lokalpolitisk handsaming.

Forslaget frå Statens vegvesen som Fylkesutvalet sluttar seg til står Bømlopakken omtalt i punkt 5.

Sitat:

Fylkesutvalet viser til det pågåande arbeidet med ei revidering av Bømlopakken. Fylkesutvalet er samd med Bømlo kommune at omlegginga av takst- og rabattsystemet for Bømlopakken vert vedteke i Stortinget, føresett at dette skjer i god tid før nytt sentralsystem for bompengeinnkrevjing vert implementert.

Samferdselsminister Ketil-Solvik Olsen uttalar at denne regjeringa har skåre igjennom og fått redusert dagens mange bomselskap frå 61 til 5.

Formålet med bompengereforma er å sikra ei mest mogeleg effektiv og brukarvennleg bompengeinnkrevjing.

Kan me håpa på reduserte innkrevjingskostnader, eit meir rettferdig innkrevjingssystem basert på kost/nytte, der fleire enn 20 % av Bømlo sine trafikantar betalar heile gildet?

PS: I Bømlopakken II er det planlagd miljø gate i sentrum av Svortland til 30 mill.

Annar Westerheim,
Dåfjorden, Fitjar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut