annonse

«Taparane står i kø»

Slaget er tapt
Slaget er tapt: Prinsipprytteri, skjulte agenda og fastlåste haldningar hos uforstandige politikarar både lokalt, men særleg i fylket, etterlet seg ikkje noko håp, skriv Jan Willy Folgerø-Holm om den politiske saka om skulestrukturen i Hordaland, og kampen for å behalda tilbodet i Rubbestadneset. Biletet er frå mai i år, då tidlegare Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vitja Rubbestadnes vgs. Gunnar Rolfsnes (t.v.), Sondre Larsen og Knut Henrik Legård viser her fram smartspegelen dei har laga. (Foto: ANITA HAUGLAND)

Ein krig har ingen vinnarar. Berre taparar, skriv Jan Willy Folgerø-Holm.

  • Meiningar

Slik vart det også med krigen om den vidaregåande skulen på Rubbestadneset.

For etter siste møte i Fylkestinget 3. oktober 2017 må sjølv eg vedgå at kampen er over.

Prinsipprytteri, skjulte agenda og fastlåste haldningar hos uforstandige politikarar både lokalt, men særleg i fylket, etterlet seg ikkje noko håp.

Og taparane står i kø.

Bømlo som samfunn, som misser eit skuletilbod og mange arbeidsplassar, er tapar.

Ungdommane som kjempa for skulen dei er glad i, er taparar

Lærarane som får slutt- og flyttepakkar (jf. Etne), er taparar.

Idrettslaget som, rett eller urett, vart tilkjent ein rolle i de kommunale maktspelet, er tapar.

Næringslivet er tapar.

Næringsrådet som ikkje nådde fram med sin argumentasjon, er tapar.

Kommunepolitikarane som grunna misforstått partilojalitet ikkje greidde samla seg om saka, er taparar.

Våre to fylkestingsrepresentantar som tappert kjempa for endring av vedtaket, er taparar.

Dei som meinte dei kunne tena saka med å «snakka ned» bygningane på Rubbestadneset, er taparar.

Rektor og lærarane som står bak den suksessen som førte til lågast elevfråfall i landet, er taparar.

Alle dei som av feigskap ikkje sto fram for å forsvara sine standpunkt, er taparar.

Heile den fylkeskommunale konstruksjonen, er taparar.

Ingen, verken utdanningsdirektørar, rådmann, fylkesordførar, utvalsleiarar eller meinige fylkestingsrepresentantar kan innkassera nokon lysande siger.

Dette er berre trist, trist, trist.

Kva tid eg såg «lyset»?. Jo, då eg høyrde fylkesrådmannen i debatten den 3.okt. seia følgjande til Kallevåg:

«Nå må dere være klar over utgangspunktet, som var en stor skole på Stord som skulle dekke hele Sunnhordland!»

Då gjekk det opp for meg (endeleg) at den store planen var lagt (og sett i verk?)

Der ligg nøkkelen til heile «tverrskapen». Ein skal no med så små midlar som mogeleg «halda i gang» eit tilbod på Bømlo, «come rain, come shine», slik at ein kan gjera ferdig utbygginga på Stord, som med eit i dag ukjend tal på studieplassar, sannsynlegvis vil gjera plass til elevane både frå både Bømlo og Fitjar.

Eg har skreve mykje om dette det i året som har gått. Det meste på Facebook, men også i avisene.

Og eg har hatt mange «følgjarar», eller som enkelte med eit nedlatande tonefall kallar «heiagjeng».

Takk skal de ha.

Mange har spurt korleis eg får tid til «alt dette». Dette har ikkje kosta meg noko, for eg er glad i kommunen min og veit at dette eg har kjempa for er det rette. Med fare for å vera pompøs, ja, kanskje er heile innlegget mitt i dag pompøst, men det får våga seg. Altså, med fare for å vera pompøs vil eg sitera frå ein slager på 70-talet: «He Ain’t Heavy, He’s My Brother» (The Hollies).

Så er det sjølvsagt mykje skadefryd som vert meg til del etter min «retrett», men det skal eg leva godt med.

Everybody knows that
the dice are loaded
Everybody rolls with
their fingers crossed
Everybody knows the war is over
Everybody knows
the good guys lost
Everybody knows the fight
was fixed
The poor stay poor,
the rich get rich
That’s how it goes
Everybody knows

(Leonard Cohen)

Jan Willy Folgerø-Holm,
Fordrøyhamn

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut