annonse

Telltursesongen 2018 er over – folk er flinke til å kome seg ut på TellTur!

Telltur
Telltur: Varden øvst i sherpatrappene i Fossabrekko er eit nytt og svært populært Telltur-mål. (Foto: Kristin Vatna Vik)

  • Meiningar

Den fjerde telltursesongen i rekka for Stord-Fitjar turlag er over for denne gong. Og for ein flott tursesong det har vore med eit fantastisk turvêr heile første halvdel av sesongen.

Tellturane i Stord og Fitjar er tilrettelagt for at folk flest skal kunne nytte tilbodet, difor er turane lagt til nærområda med lett tilgjenge, slik som til dømes Fiskaneset og Rossneset i Fitjar og Ådlandsvatnet og Eventyrskogen i Stord. Men det skal og vera eit tilbod for dei som ynskjer litt meir krevjande turmål, ein vil difor og finne turar til mange av dei flotte fjelltoppane me har i Stord- og Fitjarfjellet.

Friluftsrådet Vest er det interkommunale friluftsrådet for tolv kommunar i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Dei tolv kommunane er Bokn, Bømlo, Etne, Fitjar, Haugesund, Karmøy, Kvinnherad, Sauda, Stord, Sveio, Tysvær og Vindafjord. I friluftsrådet Vest er det til saman 127 tellturar med varierande vanskegrad, der Stord er den kommunen med flest tellturar.

For meir informasjon om Telltur, ta ein kikk på Friluftsrådets heimeside: https://www.telltur.no/friluftsrad/vest

Litt fakta om årets sesong

Sesongen 2018 vart diverre litt spesiell då det elektroniske systemet vart lagt om i mai-juni, midt i sesongen. Resultatet vart at me mista ein del av brukarane som hadde registrert turane sine før omlegginga skjedde. Dette håpar me tek seg opp att neste telltursesong.

Men, folk er generelt flinke til å gå på tur og snittet for den enkelte turgåar har likevel gått opp frå 14,5 turar i fjor til 22,2 turar i år!

I år har Fitjar hatt 11 tellturar medan Stord har hatt 17 tellturar. Til saman 871 personar har registrert sin telltur i 2018 (331 i Fitjar og 540 i Stord).

110 personar har tatt alle 17 turmåla i Stord og heile 101 har tatt alle 11 turmåla i Fitjar.

Nytt av året var to turmål, Rossneset i Fitjar og Sherpatrappene i Stord.

TellTur-statistikken elles viser at det i Stord er 184 personar som har 10 turar eller fleire og 109 i Fitjar som har gått 10 turar eller fleire.

Årets premiedryss

Fitjar kommune har trekt ein vinnar av eit gåvekort på kr 500,- hos MX Sport Larsen i Fitjar. Den heldige vinnar vart Ingelin Taraldsøy (Stord).

Stord kommune har trekt tre vinnarar av gåvekort på Amfisenteret på Stord: Gåvekort på kr 1.000,-: Torill Hella Lygren (Stord). Ho vart trekt ut blant dei som hadde registrert alle 17 turane i Stord. Gåvekort på kr 500,-: Nils Vatten (Stord) og Arnfinn Saue (Stord). Desse to vart trekt ut blant alle dei som hadde registrert 10 turar, eller fleire i Stord kommune.

Vidare er det trekt ut 15 vinnarar av den flotte emaljerte turkoppen som vart laga i forbindelse med 150 års jubileet til DNT. Vinnarane er her trekt ut blant SFT-medlemmar som har registrert minimum ein telltur i Stord-/Fitjar kommune:

Annlaug de Fine (Fitjar) vant to koppar. Utover det er det ein kopp til kvar av følgjande vinnarar, alle frå Stord: Harald Vesterheim, Trond Taraldsøy, Birte Nilsen, Eli Sagen Mehammer, Lillian Siglen, Tove Nygård, Randi Matre, Solveig Laukhammar, Hanne Svensen, Tor Inge Amdal, Linn Kathrine Westvik, Marius Hansen, Vilde Katrin Amdal og Kian Reigstad.

Gåvekort og kopp kan hentast på Kundetorget i Stord rådhus, innan 31.01.2019.

Alle vinnarane er kontakta via e-post.

Resultata for Stord og Fitjar kommune kan ein finne ved å gå inn på TellTur, https://www.telltur.no/friluftsrad/vest og klikke på aktuell kommune.

Velkommen til ny TellTur-sesong våren 2019!

Kristin Vatna Vik

Leiar i Tellturgruppa

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut