annonse

Temperaturstigning og klimaforandringar

Uroa
Uroa: Klimaendringane er hundre prosent menneskeskapt, slår Per H. Bjordal fast. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

  • Meiningar

Temperaturen stig og stig, år for år. Er dette menneskeskapt? Ja, hundre prosent menneskeskapt.

Det har vist seg siste million år som forskarane har kontroll over at kvar gong co2-innhaldet i atmosfæren stig, så stig temperaturen på jorda. No for første gong på grunn av menneskeleg aktivitet. For det meste p.g.a. utslepp frå olje, kull og gass. Co2-innhaldet i atmosfæren har stige frå ca. 280 ppm (parts pr. million) på 1800-talet til 405,5 i 2018. Dette er ein enorm auke.

Temperaturen på jorda byrja først å stige etter 1930 (sjå «verogvind.net»), men den store auken av temperaturen starta på slutten av 1980-talet.

Frå 1901-1930 var middeltemp. på jorda 13,71 grader, middeltemp. siste fire år 2015–2018 var 14,90. Ein auke på 1,2 grader.

NASA har månadlege temperaturmålingar sidan 1880.

Min gode venn Bernt Lie har regna ut at viss temperaturen fortset å stige i same takt som de siste 20 år, vil 2-gradersmålet blir passert i 2056.

I Oslo har temperaturen stige med 1,8 grader sida noverande normalperiode (1961–1990) og vil passera 2 grader i 2023, i Bergen har temperaturen stege med 1,25 grader i same periode og vil passera 2 grader i slutten av 2030-åra.

Men den store temperaturstiginga skjer i Arktis. På Svalbard har temperaturen stege med 5 grader (middeltemp. siste 5 år) sidan 1961–1990. 2 grader blei passert allereie i år 2000, ikkje rart det byrjar å gå store snøskred på Svalbard.

Eg anbefaler alle vêrinteresserte i å gå inn på Bernt Lie si vêrside «verogvind.net», der finst mykje interessant. Bernt Lie er Norges desidert største vêrstatistikar, med oversikt over alle norske vêrrekordar og dei fleste elles i verda.

Kjelder: NASA (amerikansk forskings- og romfartsorganisasjon), DMI (dansk Meteorologisk institutt), YR.NO/klima, Bernt Lie og hans vêrside «verogvind.net».

Per H. Bjordal,
Fitjar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut