annonse

«Tenk smart om skulane i Fitjar»

Skulebruksplan
Skulebruksplan: «La Øvrebygda og Selevik bestå som sjølvstendige skular», skriv Grete Marit Veka Maraas (biletet), Gro Rydland og Karen Elisabet R. Sæbø i Fitjar Sp. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Høgre og Arbeidarpartiet i Fitjar vil leggja ned Øvrebygda – og berre halda på 1. til 4. klasse ved Selevik skule. Senterpartiet har heile tida i diskusjonen kring skulestruktur peikt på at krinsskulane er for verdifulle til å bli lagde ned. Budsjettforslaget me har i lag med KrF i formannskapsmøtet 5. desember, viser at det er fullt mogeleg å driva også krinsskulane utan at det går utover Rimbareid. «Me bruker lite pengar til skule», sa ordføraren i formannskapsmøtet 10. oktober. Ja, akkurat fordi ordføraren har rett her, kan ein driva vidare med tre skular slik dei fleste partia lova, i den felles valavisa før sist kommuneval.

Det er mogeleg å spara på andre felt og finna pengar på ulike vis enn å skjera ned på skulesektoren. Politikarane i Fitjar ser at eigedomsskatt må til, også H og Ap har det med i sitt forslag. Ved å auka litt, ein promille frå 2020, får ein nesten tre stillingar av summen. Plussar ein på nokre andre innsparingar, som ikkje er teke av skule, når ein oppsett mål om ca 4,7 millionar spart over fire år framover.

Budsjettet som er til høyring nå, vil føra til at om lag 70–75 elevar skal flyttast til sentrum, og talet på barneskuleelevar på Rimbareid vil auka med over 30 %, noko som tala i forslaget til skulebruksplan viser. Dette er ein formidabel auke, og krev fleire nye klasserom til ca 11,5 millionar kroner. Berre kapitalutgiftene på lånet utgjer i sum meir enn ei stilling kvart år. Auka skyssutgifter tel også minst ei stilling. Det er nemleg ikkje alltid at sentralisering og utbygging automatisk gir god innsparing. Og kor skal utbygginga skje? På dyrka mark eller gi mindre uteareal?

Den nyleg innførte lærarnorma tilseier færre elevar per lærar, slik at Øvrebygda kjem betre ut også på dette feltet. Driftsutgiftene per elev er ikkje så veldig mykje lågare på barnesteget på Rimbareid, enn i Øvrebygda, det forklarte skulesjefen i Folkemøtet tidleg i september. Dei første tala var feil fordi ungdomsskulen var med i utrekningane. Elles har Øvrebygda ein relativt ny og tenleg bygning med gymsal, fleire gode klasserom og eit stort og variert uteareal. 39-bygget kan faktisk rettast opp med same sum som rådmannen føreslår at bygget skal sanerast for, seier Hovudverneombodet i kommunen. Selevik skule er kjend for dei flotte løypene og elles variert uteareal, og har sjølvsagt plass til heile barnesteget, ikkje berre 1.–4. klasse. Dette er også langt betre pedagogisk og gir eit betre fagleg miljø for dei tilsette der. Krinsen sjølv har argumentert for at heile skulen må vera i drift i mange debattinnlegg.

Fitjar kommune har i det siste betra trafikkforholda rundt Øvrebygda skule, og det er kome fortau på Koløyvegen til Lio. Skulevegen er langt på veg mykje tryggare for svært mange barn i krinsen. Det verkar uforståeleg at så stor investering er gjort, når barna likevel skal fraktast i buss i staden for å få gå eller sykla. I Selevikkrinsen er det også laga skuleveg gjennom marka, her treng dei minste følgje av dei store slik at dei lærer å nytta gangvegen.

Skulesjefen har føreslått innsparingar i spesialundervisninga, noko som Rådet for funksjonshemma meiner er tilrådeleg. Her må ein rekna med at ein har vurdert og kan føresjå behovet nokolunde rett. Likevel er det verd å merke at den samla spesialundervisninga i Fitjar i dag kostar meir enn drifta av dei to krinsskulane, ifølgje forslag til skulebruksplan. Først og fremst må dei som har rett til slik undervisning få oppfylt rettane sine, det har dei krav på! Så må me forstå følgjene, det er nesten umogeleg å alltid treffe korrekt med budsjetteringa på dette feltet.

Å tenkja smart har lenge vore eit slagord. Slik Sp i Fitjar ser det, er det svært lite smart å bygga ut på Rimbareid til store kostnader, og auka talet på barneskuleelevar med over 30 %. Neste år vert det innført ny kommunelov med langt strengare krav til avdrag, det blir vanskelegare med lån, og trusselen er Robeklista. Fram mot kommunestyret som skal ta avgjerd, samarbeider Sp med KrF og FrP, og me håpar at dei to partia som stemde for nedlegging, snur. La Øvrebygda og Selevik bestå som sjølvstendige skular!

Gro Rydland
(leiar Fitjar Sp)

Grete Marit Veka Maraas
(gruppeleiar Fitjar Sp)

Karen Elisabet R. Sæbø
(medlem k-styret Sp)

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut