annonse

Til alle ungdommar som streikar for klimaet vårt

Klimastreik
Klimastreik: Jostein Eldøy er impionert over klimaengasjementet til dagens ungdom, men utfordrar dei til å skaffa seg meir kunnskap om saka. Her kjem han difor med fleire oppgåver som han meiner klimaengasjert ungdom bør jobba med. Biletet er frå klimastreiken på Stord i mars. (Foto: Ingvild Eide)
utvikling
utvikling:

Dette er det tøffaste engasjementet frå ungdom eg har opplevd sidan opprøra mot dei styrande på 60- og 70-talet.

  • Meiningar

De er del av ein verdsomspennande kamp, som vil samla styrke og skapa resultat i tida som kjem. Diverre ser det ut for at det er opp til generasjonen dykkar å rydda opp i klimakaoset generasjonar før har skapt.

Det er synd at nokre skular fører fråvær for dei timane de streikar. Men, når historia skal skrivast om ei tid, eitt år eller meir, er det de som står fram som heltane og dei som førte fråvær er dei me ler av.

«Forstod dei verkeleg så lite av alvoret verda og framtidige generasjonar sto opp imot?» kjem folk til å seia.

MEN! For å kunna kjempa dei kampane de må ta framover, treng de kunnskap. Det vil difor vera smart å be læraren leggja til rette for at de får ta igjen det de gjekk glipp av under streiken. Alle fornuftige lærarar vil med glede hjelpa og støtta dykk slik at de ikkje får hol i kunnskapen.

Det er viktig å engasjera seg i alle dei tusenvis av store og små saker som påverkar klimaet vårt positivt og negativt.

I tillegg er det nødvendig å skaffa seg kunnskap om kva overordna faktorar i samfunnet som påverkar klimaet vårt. Nedanfor er nokre tips til klimaoppgåver de kan be om å få jobba med i skuletimane og i ei engasjert fritid.

Oppgåve 1.

• Gå inn på internett, for eksempel IEA (Det Internasjonale Energibyrået) og sjekk ut korleis CO2 utslepp varierer med veksten i verdsøkonomien, BNP (Bruttonasjonalprodukt eller GDP på engelsk)

Der ser ein at dersom ein reduserer eller stoppar økonomisk vekst (slik det skjedde i 2008/09), vil auken i CO2 utslepp reduserast eller stoppa.

• Finn ut korleis utslepp av CO2 pr. person i Norge ligg i forhold til andre land og i forhold til verdsgjennomsnittet.

Svært mange politikarar og mange økonomar meiner at me må ha størst mogeleg økonomisk vekst i eit land.

Dei tre viktigaste grunnane for det er:

1. Når me produserer meir, veks økonomien, og me kan bruka meir og auke levestandarden vår og leva ”Eit lukkelegare liv”, for ei stund. Men auka forbruk vil i mange høver føra med seg auka CO2 utslepp.

2. Så lenge menneska vert fleire på denne jorda, trengst økonomisk vekst for at me skal halda på same levestandard. Det vil seie at når befolkninga i eit land eller område aukar med 2 %, må også økonomien auka med 2 % for å unngå arbeidsløyse, reduksjon i løningar og i levestandard. Dermed aukar CO2 utslepp.

3. Sjølv om veksten i befolkninga i verda skulle stoppa, og mange som har ein grei levestandard skulle vera tilfreds med det, trengst det auke i økonomien for å løfta levestandarden til hundrevis av millionar av fattige. Alternativet er å gje til dei fattige ved å ta frå dei rike, altså fordela verdiane på ein annan måte. Det er ikkje lett, men ein jamnare fordeling av verdiane som vert skapte, vil vere nødvendig for å hindre store sosiale uroer i framtidige generasjonar.

Kva kan så me gjera for å motverka at det skal vere naudsynt med økonomisk vekst?

Oppgåve 2

• Korleis kan ein få ned unødvendig forbruk og stoppa forbruk som fører til høgare CO2 utslepp?

• Korleis kan ungdom i vestlege land vera eit førebilete for ungdom i utviklingsland?

• Kva utslepp gir ein flytur på 1 time og ein på 5 timar og kva kan det samanliknast med?

Utviklinga i folketalet på denne jorda vår har vore om lag slik (sjå bilete):

utvikling
utvikling: Foto: -

Dette viser at for 270 år sidan var folketalet ein tidel av det det er i dag. Berre på den tida bestefar har levd har folketalet på jorda tredobla seg.

Oppgåve 3

• Kva samanheng kan de finna i statistikk på internett mellom utvikling av folketal og utslepp av CO2?

• Kva samanheng er det mellom fattigdom, analfabetisme og barnefødslar?

• Kva land har mest fødslar pr. kvinne og kva land har minst.

• Kva trur de er grunnen til at folk i land utan eller med dårlege sosiale ordningar har mange barn?

Fordeling a verdiar er vanskeleg og skeivfordelinga blir berre verre og verre. I 2010 eigde den rikaste 1 % av befolkninga rundt 44 % av verdiane i verda, no eig dei over 50 % av verdiane. Dei fattigaste 70 % av verdas befolkning eig derimot mindre enn 3 % av verdiane.

Fordeling av verdiane er mykje styrt av kva politisk system me har og kva politikarar me har valt til å representera oss. Her kan de ungdommar gjera stor forskjell. No når de snart skal delta i val og velja nye politikarar, kan de setja krav til dei som er på val, at dei skal føra ein ansvarleg resurspolitikk. Ein politikk som fordeler verdiane jamnare i samfunnet, både i Norge og i verda, og ein politikk der dei rike landa hjelper dei fattige landa å betra levestandarden til folka der. Dermed vil talet på born for kvar kvinne gå ned, CO2 utslepp vert redusert og migrasjon av økonomiske flyktningar reduserast.

Oppgåve 4

• Finn ut korleis verdiane er fordelte mellom menneska i Norge, USA, Kina og andre land.

• Finn samanhengar mellom levestandard, verdifordeling og økonomiske flyktningar.

• Finn ut kven amerikanaren James Hansen er og korleis systemet han foreslår (Karbonavgift til Fordeling KAF eller ”Fee and Dividend” på engelsk) både kan redusere CO2 utslepp og gje betre fordeling av verdiane.

• Canada har innført systemet, kva erfaringar har dei?

Ei av dei store årsakene til at CO2 utsleppa aukar er at verda treng meir og meir elektrisk energi. Elektrisiteten vert laga av kol, olje, gass, vasskraft (som i Norge), vind, sol og atomkraft.

Oppgåve 5

• Finn ut kor stor del av elektrisiteten i verda som vert laga av kvart av elementa: vasskraft, kol, olje, gass, vind, sol og atomkraft.

• Korleis er det i dei forskjellige landa på jorda?

• Kva er CO2 utsleppet for kvar eining elektrisitet produsert av dei forskjellige elementa?

• Kor mange vert skada eller dør som resultat av kvar eining produsert elektrisitet av dei forskjellige elementa?

Svara på oppgåvene kan for eksempel brukast på plakatane for neste streik, eller til å stille spørsmål til politikarane våre og be dei forklara kva dei gjer for å forandra på forhold, som er klart urettferdige og som forsterkar den klimakrisa me er inne i.

I tilfelle det skulle vera nokre vaksne som også les dette, vil eg på det sterkaste oppmoda dykk til å støtta ungdommen i denne kampen med å rydda opp i kaoset vår generasjon og dei før oss har laga.

Jostein Eldøy,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut