annonse

Til lykke med eit av vårens vakraste eventyr

HELSAR
HELSAR: Her er Harry Herstad si helsing til Solid-cupen i helga. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

Gode spelarar, tilskodarar og friviljuge !

Fleire har spurt meg kvifor gode gamle Solid Cup – eit av vårens vakraste eventyr – her på Stord no kallar seg Solid Eat, Move, Sleep-cup !?

Tenker me etter – så er det ikkje så dumt likevel. Bortsett frå at me reint språkleg er ein stolt nynorsk-kommune – og ikkje ein del av Storbritannia – så dreiar det meste her i livet seg om dei tre stikkorda: ete, bevega seg og kvila.

Å eta god og rett mat, bruka og bevega kroppen sin på ein måte som styrkar den og hindrar unødig forfall – for så å kvila og restituera seg før ny innsats – ja, det er rett og slett ei suksessoppskrift – i alle idrettar og i livet for øvrig. Når kvar og ein av oss både tenker og praktiserer denne huskeregelen gjennom alle fasar av livet - avlastar me samfunnet for store helseutgifter. Difor er Solid-cup’en eit veldig viktig bidrag til folkehelsa på Stord.

Friviljugheiten spelar ei stor og viktig rolla her i kommunen vår. Gong på gong – og år etter år – stiller mange hundre friviljuge opp til kjempeinnsats for å laga til slike arrangement som dette. Tusenvis av timar er lagt ned i førebuing, gjennomføring og etterarbeid. Og tusenvis av spelarar, søsken og familie strøymer til Sagvåg og Solid denne helga i april. Dette bygger identitet og tilhøyrigheit, trivsel og tryggleik.

Alle lag og spelarar får diplom eller medalje for cup-innsatsen sin. Det skulle óg vert delt ut eit heidersteikn til alle dåke som står bak dette store arrangementet: arrangørklubben, foreldre, sponsorar, dommarar, rigge- og rydde-gjengen og ikkje minst brus- og pølseselgarane - for å nemna nokre.

Glad for at kommunen kan vera med og bidra gjennom tilrettelegging og bra infrastruktur rundt banar og anlegg for øvrig.

Sagvåg og Nysæter står foran store og viktige kommunale investeringar i tida som kjem. Ny ungdomsskule og idrettshall skal byggjast. Planane er under utforming. Mange flotte aktivitetar og arrangement vil følgja i åra som kjem.

Eg ønskjer lykke til med årets Cup i Solid-regi – og håpar at alle spelarane, lokale og tilreisande lag, foreldre, søsken og andre tilskodarar får oppleva ein fin og velspelt turnering.

Sportsleg helsing

Harry Herstad

Ordførar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut