annonse

Tok opp tingretten med justisministeren

Møte
Møte: Sigbjørn Framnes, ordførarkandidat i Stord, tok opp situasjonen for Sunnhordland tingrett med justisminister Jøran Kallmyr (t.v.). (Foto: Privat)

  • Meiningar

Frp sitt landsmøte er over for i år. Svært mykje god politikk og gode resolusjonar har vorte vedtatt. For vår region og kommune er det vel verdt å merka seg resolusjon nr 22: Olje- og gassnæringa er ein del av framtida, der det mellom anna heiter: «Fremskrittspartiets landsmøte vil være garantisten for en forutsigbar petroleumspolitikk som ivaretar norske arbeidsplasser og som ivaretar norsk velferd for fremtidige generasjoner.»

Frp sviktar ikkje olje- og gassnæringa - slik andre gjer!

Sigbjørn Framnes, ordførarkandidat i Stord, tok opp situasjonen for Sunnhordland tingrett med justisminister Jøran Kallmyr. Det var viktig å vera tydeleg på at det lokalt er inngått intensjonsavtale mellom Sunnhordland og Hardanger tingrett, der det er brei semje lokalt om at dette er ei god løysing. Framnes var tydeleg på at lokale meiningar må tilleggast vekt i slike saker. Stord Frp er her usamd i at me skal retta oss mot Haugaland. Justisminister Kallmyr vart og invitert på vitjing til vår region, noko me håpar me kan få til før valet.

Me har jobba mykje for å få til sørleg krysning på ny E39, og landsmøtet var sjølvsagt ikkje eit unntak. I møte med samferdsleminister Jon Georg Dale var sjølvsagd krysningspunkt for E39 over Langenuen prioritert. Saka ligg enda ikkje på samferdsleministeren sitt bord, men nærmar seg. Han er fullt klar over og oppdatert på viktigheita for regiona vår for sørleg krysning - i tillegg til at Frp både lokalt og i fylkespartiet har vore tydeleg pådrivar for sørleg krysning. Møtet med samferdsleministeren vart av Framnes oppfatta som udelt positivt. Han har store forhåpningar om at Dale og Samferdsledepartementet vil stille inn på sørleg krysning. 

Me i Stord Frp er svært glade for at me har ein handlekraftig ordførarkandidat med lang politisk erfaring og stort politisk nettverk! Dette kjem til stor nytte i møte med sentrale politikarar og regjeringsmedlemmer! Frp leverer i regjering, og me vil også levere lokalt etter valet.

Reinert Svanberg,
6. kandidat,
Stord Frp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut