annonse

– Totalitær nasjonalisme kneblar trusfridomen

Fakkeltog
Fakkeltog: I Nord-Korea bur det 24 millionar menneske. Av desse reknar ein at det kan finnast 400 000 strengt hemmelege kristne, skriv Jens Thoresen. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Også i år blir det arrangert fakkeltog for verdas mange forfølgde kristne. Dette skjer 9. november, skriv Jens Thoresen.

  • Meiningar

I år set me fokus på den aukande tendensen me ser hos totalitære nasjonalistiske regime til å undertrykka og forfølgja menneske som har ei anna tru enn den som er vanleg i landet, og som styresmaktene også identifiserer seg med.

Fremst i denne køen står Nord-Korea. Den einaste religionen som er lovleg i dette landet er tilbeding av dei tre siste leiarane av Kim-dynastiet: Kim Il Sung, Kim Jong Il og Kim Jong Un

I Nord Korea er politikk og religion smelta heilt saman i ein syntese. Dei politiske leiarane reknar seg som gudar.

I Nord-Korea er det å eiga ein bibel strengt ulovleg. Blir slikt oppdaga, er neste stopp ein av dei seks konsentrasjonsleirane i landet, og ingen koreanar kjem levande ut derifrå. Under harde vilkår døyr folk som regel etter kort tid, og folk vert avretta for små regelbrot.

I Nord-Korea bur det 24 millionar menneske. Av desse reknar ein at det kan finnast 400 000 strengt hemmelege kristne. Men fordi informasjonsstraumen frå landet nesten har stoppa heilt opp, er det vanskeleg å danna seg eit sikkert bilete av kyrkja sin situasjon.

Likevel: Ein av dei som veit mest om dette er amerikanaren Tim Peters, og han kjem til Stord 9. november og blir med oss både under fakkeltoget og dagen etterpå.

Tim Peters leier ein organisasjon som heiter «Helping Hands Korea», eit arbeid som gjorde at han i 2013 nominert til Raftoprisen.

«Helping Hands Korea» opererer på grensa mellom Nord-Korea og Kina der Tumenelva slyngjer seg gjennom landskapet. Kvar einast veke klarar nokre nordkoreanarar å flykta over denne elva. Vert dei oppdaga av kinesisk politi, vert dei fengsla og sendt attende til heimlandet. Er dei heldige, vert dei plukka opp av patruljerande folk frå Helping Hands Korea som smuglar dei vidare til Mongolia eller Thailand og derifrå til Sør-Korea.

Organisasjonen hjelper også barn som nordkoreanske kvinner har fått med kinesiske menn. Desse barna vert ikkje anerkjent av samfunnet, dei får korkje statsborgarskap i Kina eller personnummer og dei har ingen rettar til helsehjelp eller utdanning. Dei er ikkje-eksisterande.

Mange av dei som flyktar frå Nord-Korea, gjer det fordi dei svelt. Men innimellom kjem det også truande kristne som lengtar etter å kunna tilbe Gud utan å risikera å bli arrestert og dømt til livsvarig opphald i arbeidsleir.

Helping Hands Korea er ein kristen menneskerettsorganisasjon som m.a. vert støtta av norske Stefanusalliansen.

Fakkeltoget vert som vanleg arrangert av kyrkjelydane på Stord saman med Stefanusalliansen og Opne Dører, organisasjonar som til dagleg jobbar for å informera om undertrykking og forfølging av kristne, og som hjelper truande som alltid lever med sverdet hengande over seg.

Jens Thoresen,
leiar for fakkeltogkommiteen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut