annonse

Tre kommunar kjempar om å få biogassanlegget

Grønt skifte
Grønt skifte: Karoline Eldøy (biletet), Anne-Grete Sandtorv, Lars Solberg og Astrid Kjellevold håpar på biogassanlegg. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Sunnhordland er Noregs fremste industriregion. Verdiskapinga og sysselsettingseffekten av ein industriarbeidsplass er stor, og me veit at kvar industriarbeidsplass skapar 2-3 arbeidsplassar innan underleveransar, tenesteyting, handel og service.

Sunnhordland er på rask veg inn i det digitale- og det grøne skiftet. Frå å vera ein region som er dominert av leverandørar til olje og gass, veks me inn i nye berekraftige bransjar og marknader. Dette er ei utvikling som ikkje vil gjera seg sjølv. Det krev vilje, investeringar og hardt arbeid for å lukkast.

Når lokale investorar og gründerar vil etablere biogassfabrikk, forskingssenter og servicesenter i regionen er dette ein del av eit framtidig industribilete som me heiar på. Her kjem det kunnskapsarbeidsplassar som me sårt treng. Me må ikkje vera naive og tru at global utvikling ikkje gjeld oss. Endringar vil merkast.

Skal Sunnhordland også i framtida vera eit fyrtårn innan industri, må etablerte bedrifter, investorar, gründerar, akademia og offentlege apparat arbeida tett saman. Kommunar må møta aktørar med løysingsorientert begeistring og tilretteleggja for framtidig næringsliv sine behov. Saman kan ein få dette til.

Me heiar på det grøne skifte og ei framtid der biogass vert ein del av energimiksen saman med naturgass, batteri, hydrogen og andre fornybare energikjelder. Stord var tidleg ute med å investere i infrastruktur for bruk av gass som drivstoff til bussar og bilar. Dette har Sunnhordland Naturgass overteke og ynskjer sjølvsagt å kunne kople biogassfabrikken til.

Karoline Eldøy,
styreleiar i Stord Næringsråd

Anne-Grete Sandtorv,
dagleg leiar i Stord Næringsråd

Lars Solberg,
styreleiar i Atheno

Astrid Kjellevold,
dagleg leiar i Atheno

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut