annonse

Tredelt foreldrepermisjon

Foreldrepermisjon
Foreldrepermisjon: Tredelt foreldrepermisjon betyr at mor og far får éin månad ekstra i si kvote, og at resten fordelast fritt, skriv Terje Breivik (biletet) og Geir Angeltveit. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

  • Meiningar

Tredelt foreldrepermisjon blir innført allereie til sommaren. Det er verdt å markera.

Venstre fekk gjennomslag for at foreldrepermisjonen skulle tredelast i den nye regjeringsplattforma. I førre veke fortalde barne- og jamstillingsministeren at ho straks vil leggja fram forslaget for Stortinget, slik at endringa kan tre i kraft for barn født frå og med 1. juli i år.

Tredelt foreldrepermisjon tydar at mor og far får éin månad ekstra i si kvote, og at resten fordelast fritt.

Bra for barnet, bra for far, bra for mor, og bra for jamstilling.

Tredelt foreldrepermisjon styrkjer begge foreldra sin rett til tid heime med barnet. Det er spesielt viktig for fedrane, fordi forsking visar at far vanlegvis tar ut den kvoten han har rett på, mens mor tar ut si eiga og mesteparten av fellesperioden.

Kvar familie får bestemme fritt korleis dei vil fordela éin tredel av permisjonstida mellom seg. Slik sørgjer me for framleis fleksibilitet og tilpassing til kvar enkelt families behov, samstundes som me aukar mor og fars eigne kvotar.

Jamstilling startar i heimen. Gode rollemodellar er viktig viss me skal skapa varig haldningsendring. Den tredelte foreldrepermisjonen vil gjera det lettare for fleire fedrar å vera til stades for barna sine det første året. Fyrst og fremst er det til glede for far og barn. Det seier òg mykje om kva slags samfunn me vil ha framover – nemleg eit der mor og far er jamstilt. Me er på lag med framtida, er du med?

Terje Breivik,
stortingsrepresentant Hordaland

Geir Angeltveit,
kommune- og fylkestingsrepresentant Venstre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut