annonse

Tru om ikkje det hadde blitt billigare, i alle fall etter nokre år?

Sykkelparkering
Sykkelparkering: For eit par veker sidan var den nye sykkelparkeringa opna på Stord vgs. Arve Pedersen skjønnar ikkje heilt kva ein skal med parkering i to høgder på Stord. (Foto: Joao Loureiro)

  • Meiningar

Først må eg seia at nytt sykkelskur på Stord vgs. er heilt topp.

Men ein må jo undra seg litt når ein ser at skuret er 30 rutemeter, dog med mogelegheit til parkering i to høgder.

Dette har eg sett i store byar i Europa, der det er trongt om plassen. Men på Stord vgs.?

Kvifor ikkje heller på 60 rutemeter, og parkering rett på bakken, noko som er enklare og tek mindre tid?

Skulane her er jo stadig i økonomiske problem, og må til stadigheit stramma inn på budsjetta.

Om ein her hadde bygd eit skur på 60 rutemeter, og då sloppe alle desse løftebukkane som syklane skal stå på, med alle utgifter dei fører med seg når det gjeld innkjøp, vedlikehald og etter kvart utskifting. Pluss at eit større skur og hadde hatt lågare takhøgd, og dermed ikkje spesielt mykje dyrare når det gjeld byggjemateriale (betong).

Mon tru om ikkje det hadde blitt billigare, i alle fall etter nokre år?

Ein berre undrast.

Arve Pedersen,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut