annonse

«Trur ikkje Frp at folk følgjer med?»

Debatt
Debatt: Jakob Bjelland. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Det ser ut til at planen til lokale Frp-kandidatar er å snakka lite om eigen politikk og i staden angripa andre parti i den komande valkampen. Måndag 17. juni er det Linda Grundtvig sin tur til å gå til åtak på mellom anna Senterpartiet, der ho innleier med ein påstand om at «bompengene er redusert» med Frp i regjering. Kva truverd har Frp når deira folk rett og slett skrøner? Er planen å påstå det motsette av det Frp faktisk gjer kvar dag i regjering, og satsa på at folk ikkje følgjer med? Kvifor ikkje stå for det ein faktisk gjer?

For folk veit jo at etter 6 år med både finans- og samferdsleminister frå Frp er årleg bompengeinnkrevjing auka frå 8 milliardar til 13 milliardar, trass i at sentrale Frp-arar lova å riva alle bomstasjonane når dei fekk makta. Og folk veit at å gå frå 8 til 13 ikkje er nokon reduksjon, slik Grundtvig skriv. Tvert om er det ein historisk auke i bompengar Frp har iverksett. Denne veka har samferdselsministeren frå Frp fått nye 15 milliardar i bompengar gjennom i Stortinget. Frp røysta til og med mot Senterpartiet sitt forslag om at dersom prosjekta vert billegare skal dette føra til tilsvarande reduksjon i bompengane. Og uansett om Frp prøver på prosenttriksing, får folk flest rekningar i kroner og ikkje prosent.

I tillegg til å auka bompengar har Frp i regjering både auka drivstoffavgiftene og kutta kraftig i pendlarfrådraget. Alt dette har gjort normal bilbruk mykje dyrare, særskilt for folk som bur utanfor sentrale strok og som ikkje har kollektivalternativ. Senterpartiet meiner dette vert urettvist, og føreslo i årets statsbudsjett både å kutta i drivstoffavgiftene og å auka pendlarfrådraget. Frp røysta derimot for både høgare avgifter og høgare skattar for pendlarane. Så når Grundtvig spør om kor mykje Senterpartiet vil auka bilavgiftene med, er svaret at røystingane frå Stortinget syner at Senterpartiet vil ha lågare avgifter enn Frp.

Jakob Bjelland,
Stord Senterparti

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut