annonse

Tryggleik på sjøen

TRYGGLEIK PÅ SJØEN
TRYGGLEIK PÅ SJØEN: Sunnhordland oppmodar folk om å bruka flyteutstyr riktig, og at alkohol og båt ikkje høyrer saman, akkurat som på vegen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

  • Leiar

Det er sol og sommar, og det betyr at mange tek turen ut på sjøen i båt. Det skjønnar me godt, men me håpar at dei også tek med seg vitet på båttur. I første halvår omkom 12 personar i ulukker med fritidsbåt. Det er to færre enn tilsvarande periode i fjor, men Hordaland er verstingfylket. Her har tre personar omkomme i fritidsbåt så langt i år. Menn er klart overrepresenterte i dødsstatistikken. Elleve av dei omkomne var menn, medan det vart berre registrert éi omkommen kvinne. I ni av tilfella var den omkomne åleine i båten, ifølgje Sjøfartsdirektoratet.

Når du er åleine ute i båten er det difor ekstra viktig å tenkje gjennom kva du skal gjera viss du kjem ut for ei ulukke, seier seksjonssjef Petter A. Søreng i Sjøfartsdirektoratet. Sjøfartsdirektoratet oppgir at ni av dei tolv omkomne var norske statsborgarar, og viser til at etter-forskinga av fleire av ulukkene ikkje er ferdigstilt. I tre av tilfella har derimot politiet konkludert med at anten den omkomne eller båtføraren var rusa. Fleire av dei omkomne hadde ikkje flytevesten ordentleg festa.

Vårt råd er difor: Bruk flyteutstyr, og bruk det rett. Det er viktig at flyteutstyret har riktig storleik og at tilhøyrande belte og stroppar blir festa på ein god måte. Og alkohol og båt høyrer ikkje saman, nett som på landevegen. For medan folk flest tek avstand frå fyllekøyring, viser ei fersk undersøking at nesten 1 av 7 innbyggjarar på Stord meiner all promille under 0,8 er ufarleg på sjøen. Det er høgt over landsgjennomsnittet på seks prosent. Dette er farlege haldningar. Å føra båt i alkorus representerer ein stor risiko, også med ein promille under 0,8. Det håpar me alle båtførarar tek til seg.


Les også: Éin av sju meiner alkohol på sjøen er ufarleg



 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut