annonse

Ungdommen er lei!

MEININGAR
MEININGAR: «Om Stord kommune legg ned desse klubbane legg dei ned dei einaste offentlege møteplassane for ungdommen. Både Harri, Litlabø, Mandagsklubben, Onsdagsklubben og MOT, me er ekstremt skuffa for at Stord kommune har samvit til å ta opp som et tema for nedlegging!», skriv Tuva Kronenes Solberg. Biletet er frå Mandagsklubben. (Foto: KJETIL ØSTREM)

  • Meiningar

No sit politikarane i Stord kommune og diskuterer nedlegging av fritidsklubbane på Stord, for å spara bitte litt pengar! Dette er noko ungdom og vaksne har kjempa mot heilt sidan desse klubbane opna! Dette er et tema som har vert aktivt sidan mine foreldre gjekk her og dette er klubbar kor ungdom frå aldersgruppa 13–18 år sosialiserast på måndagar og torsdagar frå halv 7 til kvart over 9. Her heng ein med folk ein aldri ville vore med på vanleg fritid, her møter ein nye og gamle, stamkundar og besøkjande! Men ein finn også politi som omgjer seg med ungdom for å visa at dei er her og for å få eit naturleg forhold til oss! Kvifor skal dei einaste klubbane me har på Stord leggjast ned?

Om ein legg ned desse klubbane vil folk halde seg inne og ikkje sosialisere seg med ungdomen og sine venner. Om ein legg ned desse klubbane vil ungdomen finne andre plassar å henge, og dette kan bli på feil plassar, med feil folk. Ungdomen vil komma der folka er og her kan ein i verste fall finne ulike typar rus og alkohol. Om ein legg ned fritidsklubbane vil nokon mista den einaste mogelegheita til å vere med venner, og kanskje den einaste plassen dei føler seg ivaretatt, respektert og inkludert, men ungdommen mistar også ein stor del av deira oppvekst som former dei gjennom godt og vondt i løpet av deira utvikling.

På Harri og Litlabø fritidsklubb møter ein ikkje berre vener og bekjente, men også vaksne som ofrar si fritid for å omgje seg med oss, og for å hjelpa dersom noko er gale. Dei som jobbar på desse fritidsklubbane er alltid opne for å snakke med deg uavhengig av kva temaet er eller kven ein er!!

Om Stord kommune legg ned desse klubbane legg dei ned dei einaste offentlege møteplassane for ungdommen. Både Harri, Litlabø, Mandagsklubben, Onsdagsklubben og MOT, me er ekstremt skuffa for at Stord kommune har samvit til å ta opp som et tema for nedlegging!

Tenk på korleis dette kjem til å utvikle seg vidare for ungdommen, for verdas framtid!

Tenk!

Tuva Kronenes Solberg

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut