annonse

Urovekkjande vêr

FRAMTIDA
FRAMTIDA: Sunnhordland meiner at landbruket må tenkja langsiktig. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

  • Leiar

I fjor opplevde dei lokale bøndene at avlinga regna bort. Jorda blei vassjuk og det var umogeleg å komma utpå med tunge maskinar utan å øydeleggja endå meir. Fôret bøndene fekk i hus var også av dårleg kvalitet. Resultatet var grovfôrmangel, og import frå utlandet til høg pris. Mange valde å slakte ned besetningane på grunn av fôrmangelen.

I år skjer det igjen. Lokale bønder vurderer å kutte ned på talet på dyr. Andre stader har dei allereie byrja nedslaktinga. Grunnen er tørke. Lokalt var mange bønder nøgde med ein første slått av god kvalitet, men mangel på nedbør har gjort at veksten har stoppa opp. På Austlandet er situasjonen endå verre. Åkrane minner mest om bilete me ser frå land rundt Middelhavet.

Bondeorganisasjonane har meldt varsku. Småbrukarlaget ber regjeringa lempe på regelverket og gjera grep for bønder råka av avlingssvikt. Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) gjekk i førre veke ut og sa at regjeringa kartlegg mogelegheita for importere fôr, og å setja ned tollsatsane. Dale oppfordrar også bøndene til å søkja informasjon om kva den enkelte kan gjera i situasjonen ein har hamna i.

Med to uår på rad bør ein også sjå korleis ein kan jobba langsiktig for å gjera landbruket meir robust mot klimatrusselen. Tiltak kan vera å forska på nye plantearter som toler større variasjon og sjå på korleis ein kan utvikla teknologien slik at ein kan bruka lettare maskinar. Det er lite truleg at Norge skal gang etter gang skal klare å kjøpe seg ut av desse krisene ved import.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut