annonse

«Usakleg frå Øyvind Halleraker»

Engasjert
Engasjert: Sigmund Kroka (med mikrofon). Her frå eit tidlegare folkemøte. (Foto: Anita Haugland)

  • Meiningar

Svaret til Øyvind Halleraker var som forventa. Tomt politikarsvar med forakt over dei som stiller kritiske spørsmål ved prosjektet og arbeidsmåten. Uansett kva Halleraker seier, så vil den sørlege delen av E39 på Stord verta påverka av E39 Hordfast si utforming, noko anna er å føra folk bak lyset. Hadde du svart på det første innlegget mitt, så var det like seriøst som ditt, sjølv om eg kan lesa ein nedlatande tone i ditt svar, men det seier kanskje meir om deg enn meg.

Jo, eg har fått med meg heilsida frå Statens vegvesen, men har og fått med meg at det er stor usemje om kor vidt det er gjort ein skikkeleg utgreiing av indre leia gjennom Fusa. At den same Halleraker påstår at det opnar seg heilt nye bu- og arbeidsmarknader ved å og krysse Langenuen via Reksteren til Sørøyane på Halhjem er jo heilt utruleg.

Vil tru at dei fleste veit at du opnar meir byggjeland, meir bompengegrunnlag, meir mogelegheit for fleire til å pendla ved E39 gjennom indre lei, der ein kjem ut i Arna område med firefeltsveg til Åsanekrysset og Nesttun. Men det er jo håplaust når dagleg leiar ikkje ser mogelegheitene som kan opna seg i dette landskapet. Viser og til Os & Fusaposten, der det og kjem fram sterke synspunkt for indre lei (Hvorfor engasjere seg i Hordfast?). Viser og til innlegg i same avis. Sitat frå Øyvind Halleraker: «Man skal være rimeleg sikker på seg selv og egne kunnskaper når man anklager noen for å bløffe».

Dette gjaldt ein kommentar om byggjestart som Jan Gaasand stilte seg kritisk til. Denne kommentaren burde kanskje gjort seg gjeldande for fleire enn nemnde person vil eg tru? Men det ser ut som om enkelte personar går med skylappar og ikkje er villige til å sjå at kanskje andre også kan ha litt rett. Viser då til innlegget frå Øyvind Hardeland som kanskje har ein betre bakgrunn for å drøfta veg enn Halleraker.

Sigmund Kroka

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut