annonse

Vaksinemotstand er livsfarleg?

Skeptisk
Skeptisk: Eg meiner det er sunt med ein viss skepsis til vaksinering, det er faktisk snakk om kjemiske injeksjonar med diffust innhald som blir pressa inn i ein biologisk kropp, skriv Håvard Grastveit på Stord. (Foto: Colourbox / illustrasjon)

  • Meiningar

Kommentar til Sveinung Stensland (stortingsrep. Høgre) sin artikkel i Bladet Sunnhordland måndag 4. mars.

Artikkelen byrjar svært kjensleladd, og viser seg straks som kraftig skremselspropaganda (i kjend retorikk) i forhold til vaksinemotstand ute blant folket.

Du gjev eit svært einsarta og forenkla bilete av ei problemstilling som har vore heftig debattert dei seinare åra, spesielt etter svineinfluensavaksinen i 2010.

Eg fann på første artikkelsøk på nettet ut at du har bakgrunn som farmasøyt, og det fortel jo det meste. Som farmasøyt har du nok blitt opplært i faget via den mektige legemiddelindustrien, og dine meiningar blir då neppe spesielt objektive.

Du nemner bl.a. at folk har døydd av meslingar i 2019. Friske folk døyr ikkje av meslingar. I alle fall var det ikkje farleg den gong eg gjekk på småskulen på 60-70-talet. Dei fleste av oss fekk meslingeutbrot i løpet av barneskulen. Me var borte frå skulen nokre dagar, til feberen hadde gitt seg. Og så var det full fart igjen.

På slutten av artikkelen skriv du bl.a.: «Vi skal ikke akseptere at naboen er ein fare for våre egne barns helse». Det at du som stortingsrepresentant bruker di makt til å skremme og diktere folket synest eg er trist og leit. Politikarar er vel valde inn for å tena folket, ikkje for å forvirra å manipulera dei? Visst du i tillegg uttaler deg som «Helsepolitisk talsperson» på vegner av partiet Høgre har eg i så fall ein mindre setel å sortere i ved neste val.

Og forresten: Visst naboen vel å ikkje vaksinere seg, er han då ein smittefare for mine barn, dersom dei har valt å la seg vaksinere?

Eg meiner det er sunt med ein viss skepsis til vaksinering, det er faktisk snakk om kjemiske injeksjonar med diffust innhald som blir pressa inn i ein biologisk kropp. Det må vera opp til kvar enkelt av oss å ta den avgjerda. Og informasjonen ut til folket må vera meir balansert. Ditt innlegg er rein propaganda, og verkar såleis lite truverdig.

Veit du har vore ute i media og bl.a. fremja forslag om tvangsvaksinering av alle tilsette innan Helsevesenet. Ein kan bli skremd av mindre.

Me bur vel framleis i eit fritt land, og ikkje i eit diktatur?

Håvard Grastveit,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut