annonse

«Vel, Magnus Mjør – ta deg ein potet!»

Tøffe budsjett
Tøffe budsjett: Rådmann Magnus Mjør på Stord. (Foto: Olav Røli / arkiv)

  • Meiningar

Det finst eit uttrykk på godt ungdoms-norsk som seier «gå å ta deg ein potet». Med dette meiner me i botn og grunn «skjerp deg, du bør skjemst». Vel, Magnus Mjør – gå å ta deg ein potet!

For mange år sidan, då eg var medlem av SU, sa eg ein gong på ein debatt på Sagvåg skule at politikken på Stord stoppar ved Meatjødno på Heiane. Eg meiner det delvis endå. Sidan 2015 har det skjedd mange, men likevel få endringar på Stord. Eg har bytta ungdomsparti, me har fått ein flott og ny ungdomsskule på Leirvik, torget har fått ny og fin kunst, busstilboda har vorte dårlegare for oss som ikkje bur i sentrum, diskusjonen om fleirbrukshall og oppgradering av Nysæter ungdomsskule pågår enda, Litlabø er strippa for barnehage igjen og Litlabø Fritidsklubb er forsøkt nedlagt for ørtande gong.

Alle tinga eg nemner ovanfor er ting eg har brunne for, ting eg og mange rundt meg ville behalda eller kanskje til og med unngå. Som ein kan skjønne så langt ser ein tydeleg kvar eg kjem frå og kva eg vel å fokusere på. Kvar politikken gong på gong stoppar, og forskjellen på sentrum kontra «utkanten» av øya.

Eg håpar kvart år, når budsjettet vert lagt fram, at prioriteringane for oss i Sagvåg og Litlabø skal verta større, men kvart år vert eg like skuffa. I to år har eg forsvart fritidsklubben i håp om at ungdommen i Sagvåg og Litlabø skal ha ein plass dei kan vera seg sjølv i kontrollerte forhold. Sommaren 2018 vart Litlabø Barnehage nedlagt igjen trass i at miljøet her treng ein barnehage. Og i fjor fekk me nye bussruter på Stord som skulle vera meir effektive, men som berre viser seg å vera vanskelegare for oss som ikkje bur i sentrum å bruka. Men som ein opptur – i år vart det vedteke at ein ny skule og fleirbrukshall endeleg skal koma på Nysæter.

Men gleda varte ikkje lenge. No vil du ikkje berre gjera både skulen og fleirbrukshallen mindre, men også utsetje klargjeringsdatoen. Dette er forkasteleg. Ikkje berre vil du gje lærarane mindre plass, og elevane lite sitjeplass i ein aula som per dags dato ikkje husar dagens elevtal ein gong. Men du vil og trykka ned den kognitiv intellektuelle kreativiteten og fysisk/motorisk utviklinga ved å forminska mogelegheitene for kunst, trening, forming og ikkje minst musikk. Elevane på Nysæter her per dags dato ikkje eit tilbod som er godt nok i forhold til kva det burde vore, og dette har vore eit problem sidan før eg gjekk der sjølv.

Etter fleire tiår med dårleg luft, lite plass, muggsopp, utstyr med låg standard, og ikkje minst vasslekkasjar, så fortener elevane, lærarane og ikkje minst lokalsamfunnet å få eit løft som ikkje berre kan tilfredsstilla dagens ungdom, men som og tek i betraktning framtida. Eg vil nødig lesa i avisa om eit par år at denne skulen også kanskje er for liten i forhold til elevtalet. Den smellen har mange nye skulebygg gått på.

For kjære Magnus Mjør, har du seriøst så lite tru på at folketalet i Sagvåg og omegn vil auka dei neste åra, at du tek sjansen på å byggja ein skule med eit amfi/scene og aulaområde med berre 100 sitjeplassar?

Ja, eg veit at dette handlar mykje om økonomi, men då eg i mai 2015 snakka til Sunnhordland om forskjellen på Stord-ungdom og fordommar, handla dette også om forskjellen på skulane me kom ifrå og miljøet der. Kva tid skal me i Sagvåg og Litlabø også få det som me fortener, med ein ny og fin skule slik som dei andre har og ikkje minst fleirbrukshall? Kva tid skal noko anna enn pynting i sentrum prioriterast. Eller skal politikken dei neste åra og stoppa ved Meatjødno?

Cecilie Arnevik Sæbø,
Stord AUF

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut