annonse

Velkommen til årets 17. mai-feiring og matiné

17. mai-komiteen
17. mai-komiteen: Johannes Jacobsen (t.v.), Otto Holm, Preston Kingsley, Sigmund Kroka, Nils Audun Gerhardsen, Kåre Løkhammer, Einar Hillestad og Salmund Tislavoll. (Foto: OLAV RØLI)

  • Meiningar

Som tilskipar av årets 17. mai vil Leirvik Mannskor få ynskja kvar og ein til lukka med 17. mai dagen. Gjester frå Stord sin vennskapskommune San Juan Comalapa, vil også i år feira dagen saman med oss.

Tradisjonen tru, startar dagen i Kaisvingen med flaggheising. Geir Angeltveit talar og legg ned krans ved støtta av Bård Haugland og minnesmerket for Austri. Musikk og song av hhv. Stord Musikklag og Leirvik Mannskor. 1. Leirvik speidargruppe leiar så an med flaggborg mot sjukehuset, i lag med musikklaget og mannskoret. Det gler alltid stort når folk tek del, anten med å slå følgje eller vinkar/helsar med flagg langs ruta.

Me vonar på god oppslutnad ved kyrkja, der Per Jan Ingebrigtsen held tale og legg ned krans ved støtta over dei falne.

Borgartoget går også i år til parken, som er oppgradert med nye flotte benkar.

Direktør Steinar Røgenes i Kværner Stord er hovudtalar. Det blir musikk av Stord Musikklag og song av Leirvik Mannskor. Vonar mange vil ta turen til parken.

Etter arrangementet i parken, vil Leirvik Mannskor invitera publikum til den årvisse 17. mai-matinéen i kulturhuset, som svært mange set pris på. Det er vårt ynskje at mange finn vegen til kulturhuset og årets matiné. Dei som møter fram vil få høyra mykje vakker song og musikk, då spennvidda av aktørar er stor med ulike innslag. Tidspunkt er vist i programmet og i Bladet Sunnhordland. Sett av tid, og lytt til mykje fin song og musikk saman med gode vener.

Aktørar i år er: Stord Musikklag, Jørgen Bauge, Stordkoret, André Eide, Ailin Sanden, som er årets stipendiat frå Reinert Agdesteins Minnefond, Silver Wings, kulturskuleelevar og Leirvik Mannskor.

Som vertskap for feiringa av nasjonaldagen, så synest me i Leirvik Mannskor at dette er ei fin avrunding på ein travel dag. Finn roen og nyt konserten i lag med oss. Vonar me får sjå ein fullsett sal som avslutning på ei vellukka 17. mai-feiring.

Nils Audun Gerhardsen,
leiar i Leirvik Mannskor

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut