annonse

«Venstre bør byta namn»

I regjering
I REgjering: Venstre har gått inn i regjering med Framstegspartiet. Her ser me Venstre-topp Terje Breivik og Frp-topp Helge André Njåstad. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Tre dagar før valet sist haust sa Skei Grande at det var ekstremt usannsynleg at Venstre gjekk i regjering med Frp. Det var berre ei strategisk utsegn for å roa ned dei mest Frp-skeptiske veljarane i Venstre, skriv Magne Misje.

  • Meiningar

No er Venstre og Frp i regjering, noko som har vore eit mål for Skei Grande og leiinga i Venstre i fleire år. All snakk om vanskelege forhandlingar og at det ikkje var sikkert at partia vart samde, var taktikk og strategi og spel for galleriet. Stoda for Venstre er no slik: I Nord-Noreg er partiet nesten ikkje-eksisterande. I partiet sitt tidlegare kjerneområde, kystfylka frå Trøndelag til Telemark, har partiet vorte eit toprosentparti. Venstre karra seg så vidt over sperregrensa; ikkje på grunn av eigen politikk og god valkamp, men fordi mange høgreveljarar i Oslo og Akershus, ein del mens dei heldt seg for nasen (etter eigne utsegner), av taktiske grunnar røysta Venstre for å berga Solberg-regjeringa. Venstre har vorte eit byparti, med størst oppslutning i Akershus, Oslo og ein del andre byar. Berre vel tretti prosent av Venstre sine veljarar i 2013 røysta Venstre i 2017. Dei over 60 prosent av veljarane som forlèt partiet, røysta raudgrønt eller Miljøpartiet.

I lokalavisa Vestnytt skriv ein innsendar: «Det at eit lite parti, med eit forvakse sjølvbilete og som balanserer på sperregrensa, har manøvrert seg fram til forhandlingar og i verste fall kan enda opp med tre ministrar, er det demokratisk? Det er eit hån mot folket og berre egna til å byggje politikarforakt». Venstre fekk 4,3 prosent oppslutnad ved valet og har no 15 prosent av regjeringa.

Men det har vore verre. I ei av Bondevik-regjeringane hadde Venstre tre i regjering og to representantar på Stortinget. Eit større misforhold mellom folkevald representasjon og maktutøving i regjering har vi ikkje døme på i norsk historie. Venstre burde skjemmast. Men skammavit har vore mangelvare i Venstre i Sponheim og Skei Grande si leiartid.

Les også: Glede og skepsis hos lokale Venstre-folkevalte

Venstre har ei historie som eit radikalt, ikkje-sosialistisk parti. Under Grande og Sponheim har partiet vorte eit borgarleg, liberalistisk- konservativt parti.

I respekt for Venstre si historie, tradisjon og tidlegare veljarar og leiarar: Byt namn! Skulle Venstre finna det vanskeleg å finna fram til eit høveleg namn, hjelper eg gjerne til.

Magne Misje,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut