annonse

«Verdas dyraste drivstoff»

Stigande
Stigande: Slik var drivstoffprisane på Circle K på Vabakkjen 24. juli. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / illustrasjon)

  • Meiningar

Bjørn-Kristian Svendsrud (FrP) skriv i sitt leserinnlegg i høve nederlagene i regjering: «Likevel kan ikkje disse nederlagene måle seg med alle våre seire».

Siv Jensen kom med krav om at Frp ønsket ein fast makspris på bensin og diesel på 7,- i 2001. Og ei klar spesifisering i valprogrammet 2013: «Framstegspartiet vil redusere sær avgiftsnivået på bil og bilbruk».

Dei hadde allereie gitt opp kampen mot høge drivstoff priser i 2017 etter fire år i regjering. Då stadfestar dei berre at Norge har eit høgt avgiftsnivå i programmet: «Framstegspartiet vil redusere det høge avgiftsnivået på bil og bilbruk».

Så etter fem år i regjering ser vi at dieselprisene er godt over 17 kroner. Så etter fem år i regjering drar Høgre- og FrP-regjeringa inn ca 9 kr pr liter drivstoff i form av skattar og avgifter. Med dette skatte og avgiftsnivå ligg vi i Verdenstoppen. Regjeringa klarte ikkje ein gong å halde drivstoffprisane på same nivå som då dei tok over.

Les også: Marcelo frå Ådland synest prisen er altfor høg

Vidare ville Framstegspartiet nedbetale gjelda til bompengeselskap og dermed fjerne dagens bomstasjonar på offentlige vegar.

Enda eit løftebrot. I dag vert det tatt inn fleire kroner i bomstasjonar rundt omkring i Norge enn nokon gong før.

Men det er klart at å få kjøre med Segway på norske vegar er ein stor siger for FrP i regjering. Så får heller løfter om reduserte drivstoffprisar og fritt for bompengeinnkreving fare. FrP er nøgd for dei sit i regjering.

Katrin I. Ankervold,
leiar i Stord Arbeidarparti

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut