annonse

Vestland, eit distriktsfylke

Fylkesordførarkandidat
Fylkesordførarkandidat: Trude Brosvik er Vestland KrF sin fylkesordførarkandidat. (Foto: Privat)

  • Meiningar

KrF meiner: Distrikt er viktig! Fylkeskommunen skal bruke både eigne arbeidsplassar og andre verkemiddel til å vere utviklingsaktør. Gode og trygge vegar er avgjerande for å lukkast.

Når Sogn og Fjordane og Hordaland blir eitt fylke; Vestland, så blir det eit stort og sterkt distriktsfylke. Ei av dei fremste oppgåvene til fylkeskommunen er å vere utviklingsaktør. Då kan Me byrje med oss sjølve og det Me rår over.

Vi er heldige som har Bergen som ein stor og samlande by, der ein del institusjonar naturleg vil liggje. Men Me må ikkje tenkje at sidan det bur flest folk i Bergen, så skal alt leggjast dit. Det vil i så fall vere heilt kræsj med ønsket om å flytte ut statlege arbeidsplassar. Vi meiner det er supert at denne regjeringa har flytta ut statlege arbeidsplassar i samsvar med både regjeringserklæring og regionreform. Men det er ingen grunn til å stogge opp. Regionreforma er på ingen måte fullført.

Poenget mitt er at når Me meiner staten tener på å leggje arbeidsplassane sine ut i landet, så vil fylket gjera det same. Ved å plassere fylkeskommunale arbeidsplassar frå Sunnhordland i sør til Nordfjord i nord og Indre Sogn og Hardanger i aust, vil desse vere med og skape spanande arbeidsmarknad i heile fylket og støtte opp om privat næringsliv sin trong for kompetente arbeidstakarar. For Me veit jo at det som regel er to som skal ha jobb.

Dei vidaregåande skulane er absolutt slike viktige arbeidsplassar, som skal ha tett samarbeid med lokalt næringsliv, for saman å syte for kompetanse og rekruttering. Med gode digitale tenester og arbeidsmetodar, er det ingen ting i vegen for at fleire fylkeskommunale arbeidsplassar td kan sam-lokaliserast med skulane. Intensjonsplanen for Vestland fylke legg i stor grad opp til denne måten å arbeide på. Det er dette som vil vere framtida når fylket vårt har såpass avstandar. Viss alt skal klumpast saman i Bergen, så er det verken framtidsretta eller proaktivt, og heller ikkje i samsvar med det fylka har vore samde om.

Avstanden frå Sunnhordland til Bergen er heldigvis ikkje så stor, og med gode vegar og på sikt også ferjefritt, så vil dette bli svært bra. Nordover er det meir krevjande. Bergen- Nordfjordeid tar 5 timar å køyre, og her er det nok lenger fram til bruer, i alle fall over Sognefjorden. Men at gode vegar, med gul midtstripe, er viktig for Vestland fylke må alle skjønne. E39 er hovudvegen på Vestlandet og for oss like avgjerande som både motorvegar og intercity-tog på Austlandet. Når det gjeld investeringane austanfor hevar Me knapt augnebryna, medan her vest er Me smålåtne og nøysame og skuggeredde for store milliardsummar.

KrF vil gjera alt Me kan for at Vestland fylke skal lukkast! Og skal Me lukkast, så må Me ta heile fylket i bruk.

Trude Brosvik
Vestland KrF sin fylkesordførar-kandidat

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut