annonse

Vidare bruk av Vidsteentunet

Åtvarar
Åtvarar: Norsk Forbund for Utvikingshemmende (NFU) er uroa over at administrasjonen i Stord kommune vil kutta i tilbodet til utviklingshemma. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

«Vad du säger om mig
Vad du tror om mig
Hur du ser på mig
Vad du gör mot mig
Hur du lyssnar på mig
Sådan blir jag»

Opphavet for diktet er ukjent for oss, men det ber i seg ein viktig bodskap. Korleis me blir sett på og behandla av andre, gjer noko med oss.

I saka «Vidare bruk av Vidsteentunet», som skal leggjast fram for RHO-komiteen 31. januar, vert det brukt omgrep og formuleringar som «utnytting av stordriftsfordelar», «arealeffektivisering», «fortetting» og «fleire kan få tilbod for same kostnaden». Me i NFU reagerer på språkbruken. Dette er ikkje ei sak som berre gjeld økonomi og vidare bruk av Vidsteentunet. Saka omhandlar arbeids og aktivitetstilbodet til personar som treng særskilt vern og støtte.

Utfallet av saka vil få konsekvensar for personar med svært ulike bistandsbehov. Dei har utviklingshemming til felles, men graden av utviklingshemminga gjer at dei har svært ulike føresetnader. Mange av dei har også andre funksjonsnedsettingar, som gjerne skuggar over dei kognitive. Fysisk funksjonshemming, utfordringar i forhold til psykisk helse, somatiske tilleggsvanskar og ulike synsvanskar. Nokre er blinde. Det er eit stort spenn, også i interesser. Likevel vil ein samle alle det her er snakk om, innanfor eit lite geografisk område og vurdere ei ytterlegare «fortetting» når alle er på plass og ein ser korleis det fungerer. Ein er fullt klar over at dette kan føre til auka utagering og sjølvskading. Det er noko dei skal ta omsyn til, når dei skal vurdere korleis dei ulike husa på Sæbø skal nyttast. Kanskje løa kan nyttast? Løa? Andre etasje i løa er tenkt som lokale for nærare definerte aktivitetar, på lik line med «vedaskuten» og drivhuset. Ikkje som ein fast base for brukarar.

Eit anna forslag er at «nokre av brukarane får fridagar i løpet av veka». Formuleringa høyrest forlokkande ut … å få fridagar. Særleg kan dette gjelde dei i bufellesskap, «der det allereie er bemanning heile døgnet». Dette betyr i realiteten at enkelte kan få eit redusert tilbod, utan at dei ønskjer det sjølve, og bli nøydde til å halda seg heime, utan at ein skal auke bemanninga. Me minner om at brukarar skal vere sikra eit aktivt og meiningsfullt tilvære. Korleis harmonerer det med å få eit redusert dagtilbod, fordi ein manglar plassar, som skuldast ei avvikling av Vidsteentunet Aktivitetssenter? Det gjev inga meining!

Me har forståing for at politikarar kvart år har ei vanskeleg oppgåve i samband med budsjettarbeid, men vil minne om at sjølv om «dagtilbod» ikkje er ei lovbestemt teneste, så har brukarane rett på nødvendige helse- og omsorgstenester, også den tida dei oppheld seg på eit dagtilbod. Formålet med Helse- og omsorgstenesteloven er å bidra til at ressursane blir utnytta best mogeleg, men lova skal og sikre eit tilbod tilpassa den einskilde sine behov, det skal vere kvalitet i tenestene og tenestetilbodet skal syne respekt for den einskilde sin integritet og verdigheit.

Kommunestyret ønskjer også faglege vurderingar av det å avvikle tilbodet. «Å ivareta 34 brukarar ved Sæbø gard når nytt bygg er ferdig vert av leiinga i eining for habilitering rekna som fagleg forsvarleg». Meiner leiinga at ei «ytterlegare fortetting» også vil vere fagleg forsvarleg? Kor kan ein i så fall finne ei slik utgreiing/grunngjeving? Kor går grensa for kva administrasjonen og eventuelt leiinga reknar som akseptabelt? Kor mykje utagering og sjølvskading skal tolast? Me kan ikkje sjå anna enn at det vil ta tid å etablere nye løysingar og det vil medføre økonomiske kostnader. Ikkje minst vil det føre med seg urimelege belastningar for brukarane som skal «stå i det».

Vedtaket frå RHO-møtet i 2015, då det blei bestemt å byggje eit nybygg med plass til 20 brukarar, innebar at ein skulle oppretthalde verksemda ved Vidsteentunet Aktivitetssenter. Vedtaket var samrøystes. Alternativet som gjekk ut på å byggje større og å avvikle Vidsteentunet, såg politikarane vekk frå. Me er glad det gjekk slik. Det er ikkje ønskjeleg med ei ytterlegare utviding på Sæbø gard. Ettersom ein ventar at det kan kome 15 nye søkjarar dei næraste sju åra, er det særs viktig å halde fast ved dei lokalitetane ein har i dag.

Innan norsk velferdspolitikk er det eit mål at «mennesker med utviklingshemming skal kunne benytte sine evner fullt ut, og at utviklingshemmede kan leve et liv så nært det normale som mulig, med størst mulig grad av selvbestemmelse» (St.meld. 40 2002-03, s 125).

I juni 2013 ratifiserte Norge FN-konvensjonen om funksjonshemma sine rettar. Konvensjonen sitt hovudformål er å sikre personar med nedsett funksjonsevne like mogelegheiter til å realisere menneskerettane sine, samt å byggje ned hindre som gjer dette vanskeleg. Det inneber ei plikt til å bekjempe diskriminering gjennom å arbeide for eit meir tilgjengeleg samfunn. I januar 2018 kom ei ny lov om likestilling og forbod mot diskriminering. Eit av formåla til lova er å bidra til å byggje ned samfunnsskapte, funksjonshemmande barrierar og hindre at nye vert skapt.

Me kan ikkje sjå at rådmannen sitt forslag vil bidra til eit meir tilgjengeleg samfunn. Forslaget vil heller føre til ei avgrensing av utviklingshemma sine rettigheiter. Høve til brukarmedverknad og val vert svært redusert. Vert avvikling av Vidsteentunet ein realitet, er politikarane med på å ikkje berre oppretthalde, men å skape nye funksjonshemmande barrierar. Dersom alle vaksne med utviklingshemming, som fell utanfor NAV sine ordinære og tilrettelagde ordningar, skal samlast ute på Sæbø gard, vil det bidra til å forsterke eit skilje mellom «dei» og «oss».

Me i NFU tenkjer at ei slik avgjerd vil bidra til ei ytterlegare stigmatisering av menneske som frå før av har vanskar med å bli inkludert. Er det slik me ønskjer Stord-samfunnet skal vere?

Korleis me ser på og behandlar andre, gjer noko med dei.

NFU Stord/Fitjar

v/Evy Skogedal og Sølvi Nygård

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut