annonse

Viktige samferdselsprosjekt for Vestlandet

Samferdsle
Samferdsle: Wenche Tislevoll er styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Haugaland Vekst regionsråd og Samarbeidsrådet for Sunnhordland består av ordførarar og rådmenn i ein storregion på 16 kommunar og ca. 173.000 innbyggjarar. I eit fellesmøte 20. april 2018 vedtok råda å gje følgjande felles uttale:

Realisering av ferjefri kyststamveg E39 Hordfast og innkorting og utbetring av aust-vestsambandet E134 vil bety svært mykje for utviklinga av næringsliv og busetnad på Vestlandet.

I Nasjonal transportplan 2018–2029 er det lagt inn 14 mrd. kroner til bygging av E39 Stord-Os. Hordfast i siste del av planperioden, og 5 mrd. anna finansiering i første planperiode. Det er opna for ein tidlegare byggjestart, kring 2022, dersom kostnadane ved prosjektet vert redusert.

Statens vegvesen har no lagt fram ein ny prognose, der kostnadane er redusert til 35 mrd. kroner.

Regionsråda på Haugalandet og i Sunnhordland meiner at med dei nye kalkylane til Statens vegvesen er krav til kostnadsreduksjon innfridd, og at det er grunnlag for å få realisert oppstart av ferjefri kyststamveg mellom Bokn-Bergen i første fireårsperiode av NTP. Det er forventa lenger anleggstid på Rogfast enn på Hordfast. Ved oppstart av Hordfast i denne planperioden kan gjera at ferdigstilling kan koma eitt år etter Rogfast. Dette vil resultera i at ein samanhengande transportkorridor mellom Stavanger og Bergen vil kunna bli ein realitet kring 2028.

Regionsråda ber om at fastsambandet Hordfast må fullfinansierast i første 4 års periode i neste NTP 2022–2027.

E134 Haukelivegen er den viktigaste aust – vest korridoren for Hordaland og Rogaland. Samfunnsnytten og verdien for næringslivet med utbetring av E134 er i første omgang at transporten vert raskare, rimelegare og tryggare. Det vert mindre utslepp av klimagassar og regulariteten aukar. Det må vera eit mål at E134 over Haukelifjell må handsamast som eitt prosjekt, både planmessig og økonomisk, og realiserast så raskt som mogeleg. Anleggsteknisk er det naturleg med ulike byggjetrinn, men målet bør vera mest mogeleg samanhengande utbygging.

For inneverande NTP blei der gjort følgjande merknad frå fleirtalet i komiteen under handsaminga i Stortinget:

«–viser til at det er prioritert statlige midler til å start bygging av nye tuneller på E134 over Haukelifjell i andre del av planperioden. Fleirtalet viser til mogelegheitene for å kunne framskunda byggjestart med grunnlag i lokalpolitiske vedtak og forhånds- eller parallellinnkrevjing av bompengar.

Fleirtalet har merket seg at ein slik vilje er til stades, noko som kan fremskynde oppstart med fleire år».

Full utbygging av E134 med arm til Bergen kan gje ei samfunnsøkonomisk nettonytte på kr 26. mrd.. (SVV- Øst vest utgreiinga).

Sikra prioritering av Bakka-Solheim i rullering av NTP.

Regionsråda ber om at det vert gjort naudsynte vedtak for oppstart av førehands- eller parallellinnkrevjing av bompengar for å kunna framskunda byggjestart på E134 Seljestad-Vågslid.

Regionsråda ber og om ein oppstart på KVU på arm til Bergen, og at Bakka–Solheim blir prioritert i rullering av NTP.

Jarle Nilsen,
leder Haugaland Vekst regionsråd

Wenche Tislevoll,
styreleiar Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut