annonse

«Vis syklistar til sykkelstien, der det er slike»

Reagerer
Reagerer: Dei som har med vegtrafikk å gjera må gjera meir for å unngå fatale trafikkuhell, skriv Oddvar Midtbø (innfelt). (Foto: Arkiv/ Marius Knutsen / Jarle Kaldråstøyl)

  • Meiningar

Eg har mange gonger spekulert på kva desse nye, flotte gang- og sykkelstiane er meint å brukast til? Bortkasta pengar!

Kommunen har brukt månader og år på å få i stand gang- og sykkelsti frå Sagvåg til Heiane.

Ein og annan fotgjengar har eg observert som brukarar. Ikkje éin syklist.

Laurdag 5. januar ca. kl. 11.15 køyrde eg frå Sagvåg mot Heiane. I det mest svingete partiet møtte eg på ein bilkø på 5-6 bilar som køyrde bak ei sykkelgruppe på åtte syklistar i køyrebanen, endåtil 2-3 i breidda.

Les også: Sykkelbyen Stord får millionar til bygging av sykkelvegar

Så snart det var 15-20 meter klar sikt, gjekk gasspedalen i botn for fleire av bilistane for å passera syklistane. Denne gongen gjekk det bra.

Dei som har med vegtrafikk å gjera må gjera meir for å unngå fatale trafikkuhell. Vis syklistar til sykkelstien, der det er slike.

Elles må de køyre max 2-3 i køyrebanen, halda godt til sida og aldri to i breidda.

Oddvar Midtbø,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut