annonse

«Yoga – eit mangfaldig fenomen»

YOGADEBATT
YOGADEBATT: Det er ikkje unaturleg at nokon kjem med kristiske merknader til yoga, skriv Reidun Heradstveit. (Foto: Illustrasjon)

  • Meiningar

Det kan sjå ut som om yoga i aukande grad blir brukt som eit verktøy for å dempe uro og fremje velvære. Samanlikna med tidlegare tider blir yoga i dag praktisert på fleire arenaer som ein del av ulike helsefremjande program.

For mange blir ein slik praksis sidestilt med andre treningsopplegg og opplevd som eit positivt og uproblematisk tiltak for å halde seg i god form.

Det finst likevel alternative synspunkt når tema omkring yoga blir vurdert, der eit sentralt spørsmål handlar om at ein grunnleggjande ideologi blir vevd saman med eit konkret innhald som skal tilpassast ei praktisk utføring.

Den mest aktuelle problemstillinga, som eg meiner ikkje bør avvisast som lite relevant, er spørsmålet om yoga kan koma i konflikt med kristen tru og praksis.

Med bakgrunn i ulike definisjonar av yoga, synest eg det er fullt mogeleg å koma fram til ei forståing som tek omsyn til utfordrande grenseoppgangar.

Eit lite utval tilgjengelege og enkle forklaringar av yoga som omgrep er følgjande:

• ei samling mentale og kroppslege teknikkar med tilknyting til religionane buddhisme og hinduisme. I vår tid vert yoga i Vesten presentert som ein ikkje-religiøs disiplin for personleg utvikling.

• ein del av dei seks ortodokse systema i indisk filosofi, som lærer at ein gjennom kroppslege og åndelege øvingar skal nå fram til sjeleleg frigjering og bli eitt med guddommen.

• ei øving som kjem frå India og som utviklar det mentale og fysiske.

• eit svært mangfaldig fenomen, men likevel med nokre felles trekk som handlar om konsentrasjon og fokusering.

• kan definerast på fleire nivå: Frelsesveg, meditasjon med bestemte kroppsstillingar og pusteøvingar.

Noko av kjerneinnhaldet i desse forklaringane handlar om at yoga kan opne opp for ei åndeverd som ikkje er samanfallande med eit bibelsk trusinnhald. Når me så samanstiller både definisjonar og praktisk utøving i ein heilskap, synest eg ikkje det er unaturleg å koma med nokre kritiske merknader.

Reidun Heradstveit,
Fitjar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut