Sunnhordland

Mitt Sunnhordland

«Dei ekstreme miljøa treng å bli utfordra»

«Dei ekstreme miljøa treng å bli utfordra»

- Det som verkeleg gjorde at eg bestemte meg for å vera så open, var ei oppleving eg hadde på eit møte.

Der var det ei kvinne som hadde vore med i eit strengt kristent trussamfunn, som fortalde at ho hadde hatt ein 15 år gammal son som hadde tatt livet av seg. Han hadde skrive eit brev, der han fortalde at han visste at han var homofil, og at han ikkje ville synda. Han ville ikkje komma til helvete for det han ønskte å gjera, og difor tok han livet av seg, fortel Torstein Hatlevik.

Han har vore på TV og i tallause aviser og magasin. Som gründer med store visjonar i eit lite øysamfunn, skil Torstein seg fort ut i mengda. På Haaheim Gaard har han bygt opp eit unikt konsept, som lokkar gjester frå fjern og nær. Og endå har han planar om å utvida.

Men det er ikkje berre jobben som engasjerer. Vel så mykje merksemd har han fått for den opne haldninga til si eiga legning. For Torstein er det ikkje berre OK å snakka om at han er homofil. Det er viktig.

Sjølv var han vaksen då han kom ut av skapet. Gjennom oppveksten på Espevær hadde han ikkje aning om kva det innebar å vera homofil.

- Eg visste nok ikkje heilt kva homofili var, då eg vaks opp. Eg hadde ikkje nokon eg kunne snakka med, og eg kunne ikkje spør om dei andre ungane hadde det sånn som eg hadde det, seier Torstein. Han prøvde å interessera seg for jenter, slik dei andre gutane etter kvart gjorde. Men han fekk det ikkje til. Same korleis han snudde og vrei på det, var han mest interessert i gutar. Likevel var han ikkje i nærleiken av å sjå seg sjølv som homofil.

- Det nærmaste me kom å sjå homofile i oppveksten, var Great Garlic Girls på TV. Det var menn som gjekk rundt i Oslo med kjole og handveske. Og eg identifiserte meg ikkje med alt det rundt. Eg ville ikkje gå med kjole eller sminke, og trudde at alt hang saman, seier Torstein.

19 år gammal reiste han til England. Der opna verda seg for den unge bømlingen, som då hadde budd tre år på Stord før han forlèt landet.

- Eg møtte ein mann og blei forelska. Då forstod eg at det ikkje var nokon veg tilbake, seier Torstein.

Og ikkje minst forstod han at homofile menneske ikkje berre var noko rart ein kunne sjå på TV.

- Det gjorde meg mykje tryggare på meg sjølv. Eg har alltid vore meg sjølv, men eg forstod kanskje betre kven eg var. At eg er homofil er berre ein del av meg. Det er ikkje det som skal få definera kven eg er, seier Torstein.

For familien var det ikkje like lett. Torstein, som alltid hadde skilt seg ut med song og musikk, var plutseleg blitt ein dei måtte skjemst over. For det er slik han hugsar det; dei måtte skjemst over at sonen var homofil.

- Samfunnet forventa det. Og så er det noko med korleis ein tenkjer på homofili. Veldig mange tenkjer berre på sex, men det er jo ikkje berre det det handlar om. Det handlar om kjærleik, seier Torstein.

Han trur det er lettare å komma ut av skapet no. Likevel finst det framleis mange stader og miljø der det er svært kontroversielt å stå fram som homofil.

- Ei kvinne som har ein homofil nevø sa ein gong til meg at Guds straffedom hadde komme over søstera, fordi ho hadde vore for flink til alt i livet. No fekk ho straffa i ein homofil son, seier Torstein.

- Kva svara du då?

- Nei, kva skal du seia? Eg møter jo også gamle kvinner på butikken, som kviskrar meg i øyret at dei ber for at eg skal bli frisk. Og for nokre månader sidan var det ei som sa til meg at det er heilt greitt at homofile tar livet av seg, for det er Guds straffedom som kjem over dei. Det ville ikkje ho sørgja over, fortel Torstein.

«Veldig mange tenkjer berre på sex, men det er jo ikkje berre det det handlar om»

- Ei anna fortalde at ho ikkje kan komma til Haaheim, fordi ho er allergisk mot åndslukter. Og det er to åndslukter som er spesielt grufulle. Det er lukta av homofili og lukta av døde folk. Det finst faktisk folk som er sånn. Eg kan le av det, men for unge som er usikre på om dei skal komma ut av skapet, kan det vera slike ting som vippar dei i feil retning. Eg kjenner mange unge homofile som har vore innlagt på psykiatrisk, som har prøvd å ta livet av seg. Me trur gjerne at dei ekstreme miljøa er muslimar. Men dei konservative kristne er like ekstreme. Det er utruleg trist, seier Torstein.

Mykje av det han får høyra, kan han leva fint med. Men det går ei grense, som enkelte tråkkar langt over.

- Når dei seier at dei ber for at eg skal bli frisk, forstår eg at det ikkje er for å vera stygge, men fordi dei oppriktig meiner at det er ein sjukdom. Men når nokon kan seia at det er like greitt at homofile tar livet av seg, representerer det eit mørkt miljø som mange trur me er ferdige med. Men me er ikkje det. Desse miljøa lever i beste velgåande mange stader. Difor trur eg det er viktig at me set fingeren på det, og snakkar om det. Openheit skaper aksept, og me må våga å lysa på trollet. Elles får desse tinga leva vidare. Samfunnet vårt treng å bli utfordra, seier Torstein.
 
Denne historia er henta frå reportasjen #utavskapet i Mitt Sunnhordland. Les fleire #utavskapet-historier ved å følgja linkane nedanfor.

«Eg kjenner mange unge homofile som har vore innlagt på psykiatrisk, som har prøvd å ta livet av seg»