Sunnhordland

Mitt Sunnhordland

«Dei fleste meinte det var på tide»

«Dei fleste meinte det var på tide»

- Bortsett frå mamma, var det vel eigentleg ingen som blei overraska, seier Monica Landa.

Ho smiler når ho snakkar om det, og ler litt innimellom. Sjølv har den 31 år gamle røyrleggjaren aldri vore i tvil. Det har tydelegvis ikkje menneska rundt henne heller. For då ho valde å fortelja det, på sin eigen 18-årsdag, var reaksjonane heilt fråverande. Berre mora reagerte negativt.

- Dei fleste meinte det var på tide at eg kom ut av skapet.

Det var ingen som hadde sagt noko før, men alle visste det. For mamma sin del var nok det verste at ho ikkje hadde sett det tidlegare. Alle andre såg det, men ikkje ho som var mor mi. Det var vondt for henne. Men det gjekk over, og blei ikkje noko problem det heller, seier Monica.

Ho syntest det var godt å fortelja det til omverda, sjølv om ho kjende seg rimeleg trygg på at dei fleste visste det frå før.

- Det var ei lette. Då visste alle det, og eg kunne berre leva vidare. Det var også på den tida eg slutta med fotball, og fekk meir tid til andre ting. Og då var det jo jentene eg var interessert i. Det hadde blitt heilt feil om eg kom heim med ein kjærast, og skulle introdusera henne som ei venninne. Det ville eg ikkje, seier Monica.

10 år seinare tok ho eit nytt val, som kunne fått folk til å reagera. Saman med den dåverande kjærasten sin, valde Monica å bli gravid. Men heller ikkje denne gongen var det sterke reaksjonar frå omverda.

- Me tenkte jo sjølvsagt litt på det før me bestemte oss. Men me tenkte at det kom til å gå greitt. Me var jo liksom ikkje det første paret som har fått unge, så me tenkte ikkje at det skulle bli noko problem. Det har det heller ikkje blitt. I barnehagen spurde dei korleis me ville at dei skulle leggja det fram for dei andre ungane, og eg sa at dei skulle seia det som det var. Det går heilt fint. Ungane er jo det minste problemet, seier Monica og kastar eit blikk bort på sambuar Anita Kristensen, som sit i sofaen og lyttar til samtalen.

For henne var overgangen langt verre. I motsetnad til Monica, fekk ikkje Anita sin første jentekjærast før ho nærma seg 30 år. Fram til det, hadde ho berre vore saman med menn.

- Det blei ei overrasking for alle, og blei starten på halvanna år med kamp for min del, fortel Anita, som jobbar som frisør.

- Kva slags kamp var det?

- Det var enkelte som ville ha minst mogleg med meg å gjera. Men eg fekk heldigvis god støtte både av brørne mine og av venner. Eg har også ein onkel og ei tante som var viktige i denne perioden, fortel Anita, som opphavleg kjem frå Stavanger.

At det gjekk så lett for Monica, trur ho sjølv det er fleire grunnar til.

- Eg har alltid vore veldig trygg på meg sjølv, og har alltid berre vore meg sjølv. Så trur eg det blir vanskelegare å komma ut av skapet når ein blir eldre. Eg trur det blir tøffare, og ein blir litt meir pysete. Det er jo veldig typisk at ein får meir bekymringar, seier Monica.

Samstundes er ho overtydd om at det blir lettare for dei unge å komma ut etter kvart som åra går.

«Det var enkelte som ville ha minst mogleg med meg å gjera»

- Eg merkar jo skilnaden frå då eg var ung. Då var det ingen som snakka om det, og dei eg visste var lesbiske, såg eg aldri. No kryr det jo av oss, og det er ikkje noko farleg å vera ute blant folk og visa kjensler. Det går heilt greitt å kyssa og klemma ute blant folk. Heldigvis går det rette vegen, seier Monica.

Om nokon likevel skulle heva på augnebryna, tar ikkje det gifteklare paret det særleg tungt.

- Viss du ikkje likar det du ser, kan du berre snu deg. Det har alltid vore min regel i livet, seier Anita.
 
Denne historia er henta frå reportasjen #utavskapet i Mitt Sunnhordland. Les fleire #utavskapet-historier ved å følgja linkane nedanfor.

«Viss du ikkje likar det du ser, kan du berre snu deg»