Sunnhordland

Mitt Sunnhordland

«Me klinte i garasjen, men det funka ikkje for oss»

«Me klinte i garasjen, men det funka ikkje for oss»

Det er laurdag føremiddag i Bergen, og den første snøen har lagt seg på Fløyen.

Inn dørene til den ærverdige Kjøttbasaren kjem Espen Ingebrigtsen og Ingebjørg Nyhammer med frakk og paraply. Slaktaren har lagt inn årene. No er det Starbucks som fyller lokala med amerikansk mainstream-kaffi, der det tidlegare var metervis med ost og pølser, kjøt og andre ferskvarer.

Espen bestiller ein dobbel latte, Ingebjørg ein svart kaffi. Så skjer det som ofte skjer når dei to barndomsvennene går ut saman. Ingebjørg finn seg ein stol, og set seg ned med kaffikoppen, og vipps er Espen vekke. Gjennom køen kan me sjå at det heng ei kvinne rundt halsen på han. Dei preikar og smiler, som gamle kjende. Kanskje er det også det dei er.

- Dette er eg vant til, ler Ingebjørg, eller Ingis, som ho helst kallar seg.

- Han pleier å forsvinna?

- Ja, det blir ofte sånn. Han skal kanskje ein tur i baren, og så kjem han tilbake ein time seinare.

Det var Espen som foreslo at me skulle møta dei saman. Sjølv var han litt usikker, då han fekk spørsmålet om å stilla til intervju. Ikkje for sin eigen del, men familien. Måtte først høyra med nevøane om det var greitt. «Om det kan hjelpa nokon andre, er det berre topp!» var svaret, og dermed var Espen klar.

- Men kan eg ikkje få høyra med ei venninne som har vore i same situasjonen, om ikkje ho også vil bli med? sa Espen då han ringde nokre veker før me møtest i Bergen.

Han fortalde at dei hadde vakse opp saman, og endåtil vore kjærastar i ungdomstida.

- Me hadde til og med planar om å gifta oss, ler Espen.

Det var ei slags pakt. Dersom ingen av dei hadde funne nokon andre før dei fylde 20 år, skulle det bli dei to. Då dei nærma seg 20, utsette dei prosjektet til 25, og det same gjentok seg fem år seinare.

For det kunne ikkje bli dei to.


- Me var jo som andre fjortisar. Prøvde oss fram, og klinte i garasjen. Men me fann fort ut at dette ikkje var noko for oss, seier Ingis, tilbake ved det runde cafebordet i Kjøttbasaren.

Der dei andre ungdommane fekk meirsmak, var det meir avsmak for Ingis og Espen.

- Hehe. Du kan vel seia det sånn. Me fann fort ut at me ikkje kunne vera kjærastar. Me måtte vera vener, seier Ingebjørg «Ingis» Nyhammer.

Ho trur det var noko med tida, som gjorde at vegen til å finna seg sjølv blei lenger enn han kunne vore i dag.

- Me var jo på Stord. Det var ingen som var opne homofile eller lesbiske der då. Så eg tenkte ikkje sånn, og det var heller ingen som sa at det gjekk an å lika damer, og at det var heilt greitt. Det var ingen som sa det til meg. Det var først då eg flytta vekk og blei forelska, at eg forstod det, seier Ingis.

Men ho kom aldri ut av noko skap. Så snart det gjekk opp for henne at ho var forelska i ei anna kvinne, tok ho heile prosessen med å finna ut av ting i full openheit.


- I etterkant forstår eg at det kanskje ikkje var det luraste eg kunne gjera. Men eg gjorde no det. Det blei som ei brikke som fall på plass. Endeleg forstod eg kva dei andre snakka om, kva det ville seia å vera forelska. Endeleg var ting rett, seier Ingis.

Likevel møtte ho motstand. I tillegg til all støtta dei fekk frå familie og venner, opplevde både Espen og Ingis å få ufine kommentarar, særleg i den første tida på Stord. Så blei dei heller ikkje buande på øya. No bur begge i Bergen sentrum, og kunne ikkje tenkt seg å flytta tilbake.

- Men det handlar ikkje om legning. På ingen måte, understrekar Espen.

- Kva handlar det om då?

- Det handlar om byen. Eg er så glad i det urbane, og alt det bylivet har å by på, seier Espen.

«Det var ingen som sa til meg at det gjekk an å lika damer, og at det var heilt greitt»

Han legg likevel ikkje skjul på at det i starten også var naudsynt å komma seg vekk for å finna seg sjølv.

- Ein blir jo nysgjerrig, og me måtte komma oss vekk frå øya for å utforska den biten. Det å sjå gutar med gutekjærastar og jenter med jentekjærastar, og den aksepten dei fekk, det var veldig fascinerande. Og det var veldig betryggande å sjå at faktisk gjekk an, seier Espen.

Me er ute av Kjøttbasaren, og ruslar bortover Bryggen. Fotograf Marius leitar etter eit godt motiv, eller i alle fall ein høveleg bakgrunn. Seier at me ikkje kan reisa til Bergen, utan at det viser igjen kor me har vore.

- Eg vil ha dykk på andre sida av meg, seier Marius, medan utolmodige turistar trør forbi oss.

Ingis og Espen tar det med ro. Småpratar og ler. Dei er på heimebane no.
 
Denne historia er henta frå reportasjen #utavskapet i Mitt Sunnhordland. Les fleire #utavskapet-historier ved å følgja linkane nedanfor.

«Ein blir jo nysgjerrig, og me måtte komma oss vekk frå øya for å utforska den biten»