annonse

13 personar måtte evakuera frå ferje

Trøbbel
Trøbbel: MF «Hordaland», som trafikkerer sambandet Årsnes–Varaldsøy–Gjermundshamn, tok inn vatn torsdag morgon. (Foto: STATENS KARTVERK/SUNNHORDLAND)

MF «Hordaland» tok inn vatn i morgontimane.

Anita Haugland

Like etter kl. 08.10 torsdag morgon, kom det ei dramatisk melding til politiet om at ferja MF «Hordaland» tok inn vatn. På dette tidspunktet var ferja utanfor Varaldsøy, skriv Kvinnheringen.no.

Regionssjef Inge André Utåker i Norled har uttalt til same nettstad at det var 13 personar om bord på ferja, i tillegg til eit mannskap på seks. Alle passasjerane skal no vera komne i land på Varaldsøy. Til VG uttaler Utåker at situasjonen var dramatisk då ferja byrja å ta inn vatn.

– Vatnet steig fortare i båten enn mannskapet klarte å lensa. I tillegg hadde dei tunge lastebilar om bord, så situasjonen blei dramatisk. Passasjerane blei bedne om å ta på seg livvestar, og det var nok ei god vurdering, seier Utåker.

MF «Hordaland» trafikkerer sambandet Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes over Hardangerfjorden i Kvinnherad kommune.

Politioverbetjent Stig Dagfinn Tveiten ved Kvinnherad lensmannskontor har uttalt til VG at ferja truleg har treft ein gjenstand eller grunnstøtt.

anita@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut