annonse

18-åring utsett for vald

VALD
VALD: Ein ung mann fekk eit kutt i panna etter at ein annan mann var valdeleg mot han i Leirvik sentrum. (Foto: MARIUS KNUTSEN/ILLUSTRASJON)

Ein ung mann vart utsett for vald på Stord.

Ingvild Siglen Berger

Natt til søndag, klokka 01.26, vart ein 18 år gammal mann utsett for vald av ein jamaldrande mann i Leirvik sentrum.

18-åringen vart frakta til legevakt for sjekk. Han skal ha fått eit kutt i panna.

– Det skal ha vore ein diskusjon mellom dei involverte, før den eine skal ha fått eit slag i ansiktet. Politiet avhøyrde vitne og den mistenkte på staden, fortel Kari Rørtveit, vaktsjef på Haugesund politistasjon.

Den mistenkte skal ha erkjent forholdet og vart meldt til politiet.

Han vart vist bort frå området, skriv politiet i Sør-Vest på Twitter.

Begge dei involverte skal vera heimehøyrande på Stord, opplyser Rørtveit.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut