annonse

18-åringen som omkom var passasjer

Dødsulukke
Dødulukke: Ein 18 år gammal mann frå Valen omkom i romjula etter utforkøyring ved Husnes. Mannen var passasjer i bilen. (Foto: Anders Totland)

Politiet slår fast kven som førte bilen som kolliderte i romjula.

Vidar Hope

18 år gamle Jens Emil Tøkje Jacobsen frå Valen omkom i trafikkulukka på Opsangervegen ved Husnes natt til onsdag 28. desember. Det var to 18 år gamle menn i bilen då han køyrde av vegen og trefte eit autovern. No melder Bergensavisen at politiet har slege fast at den omkomne mannen var passasjer.

Den andre mannen blei frakta til sjukehus i Stavanger kritisk skadd. Han skal vera overført til Haukeland universitetssjukehus. Tilstanden er framleis alvorleg og stabil.

– Det er ikkje mistanke om rus, men me har teke blodprøvar av omsyn til alvoret i saka, seier politiførstebetjent Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor til BA.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut