annonse

21 bilistar må betala for høg fart på E39

Full fart
Full fart: Politiet har hyppige kontrollar på E39. Her frå tidlegare kontroll i Fitjar sentrum. (Foto: Marius Knutsen)

Høgaste fart som blei målt var 106 km/t.

Vidar Hope

Utrykkingspolitiet nytta onsdagen til å sjekka farten på E39. Først på Engevik i Fitjar kommune, og seinare ved Valestrand i Sveio.

På Engevik blei det skrive ut ti forenkla forelegg, og høgaste fart var 106 km/t i 80-sona. I Sveio blei 11 bilistar tildelt forenkla forelegg.

Der blei høgaste fart 74 km/t i 60-sona, melder Sørvest politidistrikt på Twitter.

Les også: Vegvesenet på Stord gav tre bruksforbod på éin kveld

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut