annonse

30-åring involvert i tre tilfelle av vald

I ARRESTEN
I ARRESTEN: Ein 30-åring vert meldt for fleire tilfelle av vald på Tysnes. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

Laurdag kveld arresterte politiet ein 30-åring i Våge, som hadde vore involvert i fleire tilfelle av vald i løpet av ein kort tidsperiode under Tysnesfest.

Ingvild Siglen Berger

Politiet skriv på Twitter at han skal ha slege til ein kamerat, ei venninne og ein vektar i ansiktet, etter å ha vore ufyseleg inne på konsertområdet.

Operasjonsleiar Hans-Erik Thue i Vest politidistrikt seier til Sunnhordland at dette er same personen som skal ha hoppa på ein person og bite denne i ansiktet.

– Han sit i politiet si varetekt, og vert meldt for vald. Saka skal etterforskast vidare, seier operasjonsleiaren.

Valdsepisodane skjedde i 20-tida.

Les også: Vart biten i ansiktet under slagsmål

Slåst på konsertområdet

Litt seinare, klokka 23.30, vart det meldt om eit slagsmål ved konsertområdet.

– Ein person har fått ein augeskade. Det vert oppretta sak, seier Thue.

Den fornærma er ein mann fødd i 1991.

Urinerte

Vidare kan politiet melda om ein del meldingar om høg musikk, nokre ordensforstyrringar og liknande.

– Elles har det ikkje vore nokre store hendingar der, seier operasjonsleiaren.

På Stord kom politiet over ein 18-åring klokka 02.50, som urinerte på offentleg stad i Leirvik.

– Han vert meldt for forholdet, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Les også: Promillekøyring med båt og truslar mot politi

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut