annonse

380 søkte jobb

Til Stord
Til Stord: Erlend Kramer og Rusta slår seg ned på Heiane. (Foto: Rusta)

I mai opnar Rusta på Heiane. Interessa rundt opninga har vore stor, og kjeda melder om over 380 mottatte søknader og mange kvalifiserte søkjarar til dei ulike stillingane på varehuset.

Magne Kydland

– Rekrutteringa har gått over all forventning . Vårt konsept har ikkje berre blitt godt motteke i Norge, men Rusta har også blitt ein attraktiv arbeidsplass. Det er ei stadfesting me synest er veldig hyggjeleg, seier Erlend Kramer (biletet), noregssjef for Rusta.

Den svenske kjeda opna sitt første varehus i Norge i 2014, og er i dag etablert 19 stader. I løpet av året opnar dei avdeling åtte nye stader, blant anna på Stord og i Haugesund.

Les også: Til våren opnar Rusta på Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut