annonse

667 forslag til nytt fylkesvåpen for Vestland

FORSLAG
FORSLAG: Det har kome inn heile 667 forslag til fylkesvåpen for nye Vestland. (Foto: Hordaland fylkeskommune)

Engasjementet har vore stort rundt nytt fylkesvåpen til Vestland. Heile 667 forslag er sendt inn.

Det var i mai at Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar bad folk om å komma med innspel til fylkesvåpen for det nye fylket Vestland.

Mellom forslaga er fylkesvåpen som skildrar alt frå symbol til natur og historiske motiv.

– Me er svært glade for engasjementet arbeidet med fylkesvåpenet har skapt, og har tru på at prosessen til slutt vil gje oss eit fylkesvåpen som vil vera samlande for innbyggjarane i den nye fylkeskommunen, seier Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør kultur og idrett i Hordaland fylkeskommune, i ei pressemelding.

Folket får stemma

Mangfaldet er stort, og den 18. august skal ein folkejury velja ut 10 forslag som går vidare.

I tillegg skal ein fagjury velja ut sine 10 favorittar.

Deretter er det folk i fylka som får stemma fram sin favoritt mellom desse 20.

Vedtak mot slutten av året

Folkefavoritten og tre forslag frå fagkomiteen skal vidare i ein designkonkurranse, der inntil fem designbyrå òg vert invitert til å laga sine forslag.

Deretter skal fagkomiteen innstilla på eit av alle forslaga i designkonkurransen. Til slutt er det fylkestinga i dei to fylka som skal vedta det endelege fylkesvåpenet for Vestland mot slutten av 2018.

Du kan sjå forslaga her. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut