annonse

67-åring alvorleg skadd etter arbeidsulukke

VELTA
VELTA: Ei kran fall av denne lastebilen torsdag. Ein mann vart alvorleg skadd i ulukka. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

Ligg no på Haukeland universitetssjukehus.

Ingvild Siglen Berger

Det var i går at naudetatane rykte ut til Fjellgardsvegen på Stord, der ein kran hadde velta av ein lastebil på Stord.

Ein 67-åring frå Sunnhordland vart alvorleg skadd i ulukka, opplyser Helse Bergen i ei pressemelding. Dei beskriv hendinga som ei fallulukke. Mannen er no innlagt på Haukeland universitetssjukehus.

– Me har oppretta sak, og etterforskar på tradisjonelt vis. Me har vore på staden for tekniske undersøkingar og teke fleire avhøyr. Arbeidstilsynet er òg rutinemessig varsla, seier lensmann Roald Raunholm på Stord.

Han kan ikkje gå inn i detalj på hendingsgangen i ulukka.

– Kranen har falle av bilen, og kvifor det har skjedd er eit sentralt spørsmål som me ser på no, seier lensmannen.

Leif Rune Vad i Stord brann og redning opplyste til Sunnhordland torsdag at ulukka skal ha skjedd då mannen var på gardstunet for å lossa siloballar.

– Han skal ha brukt ein bakmontert kran som han sat på då den losna og fall av, sa Vad.

Les også: Sjåfør frakta til sjukehus etter at kran losna

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut