annonse

Aasta Hansteen nærmar seg

Video
Video: «Dockwise Vanguard» er skipet som fraktar substrukturen til Aasta Hansteen til Stord. Sjå video i toppen. (Foto: Sampei)

I skrivande stund har det 46.000 tonn store understellet passert Kanariøyane.

Vidar Hope

Tungtransportfartøy «Dockwise Vanguard» fraktar Aasta Hansteen-understellet som skal ruva heile 200 meter til vêrs. Til samanlikning er Teletårnet på Leirvik 65 meter høgt.

Ifølgje Marinetraffic.com er skipet no nord for Kanariøyane med kurs for Digernessundet på Stord.

Les også: Denne heftige saken er snart på veg til Stord

Strukturen blei produsert hos Hyundai Heavy Industries i Sør-Korea, og er venta i sunnhordlandsk farvatn 16. juni. Før det kjem til Digernessundet, skal det innom Høylandsbygd – 14.500 nautiske mil frå starten i Sør-Korea. Då har «Dockwise Vanguard» vore på reis i to månader.

Les også: Her er Aasta Hansteen på veg

Stordkonferansen: Dette er framtidas plattformer

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut