annonse

Agnes (34) har verda for sine føter

Portrettet
Portrettet: Eg hadde altså ei sånn veldig glede av å vera bøllete, seier Agnes Ravatn. (Foto: Marius Knutsen)
Agnes Ravatn
Agnes Ravatn: Etter utgjevinga av Fugletribunalet i 2013 har Agnes kjent på korleis suksessen kan verka hemmande for det vidare arbeidet. Særleg når ho skal skriva den neste romanen. No jobbar ho med ei bok om naboen sin, Einar Økland. (Foto: Marius Knutsen)
Landleg
Landleg: I august 2015 flytta Agnes og Håvard frå Oslo til slektsgarden hans i Valevåg. Planen var å bu der medan han var i pappaperm. Halvanna år seinare har dei for alvor byrja å slå røter på bygda. (Foto: Marius Knutsen)
Folk og fe
Folk og fe: Heile karrieren har Agnes gjort det ho kunne for å sleppa å intervjua folk. Då er ho langt meir komfortabel med å bli intervjua sjølv. (Foto: Marius Knutsen)

Anders Totland

Eg har aldri heilt forstått dei som planlegg i mange år korleis bryllaupet skal vera. Og ingen av oss hadde lyst på noko stor fest, så det var absolutt i vår ånd at eg fekk lov å feira bryllaupet mitt på den eine plassen eg faktisk er utestengt frå på livstid.

Agnes Ravatn ler medan ho fortel, og verkar litt usikker på kor mykje ho skal utlevera. Me sit heime i stova i Valevåg, der ho bur saman med mannen Håvard Tvedte, og sonen Jostein. For få minutt sidan har ho fortalt at ho eigentleg er eit frykteleg dårleg portrett-objekt. «Eg har ingen dramatiske historier,» sa ho. Litt familiær dramatikk var det likevel då ho gifta seg for nokre månader sidan.

– Det skjedde litt plutseleg. Me fekk ein dato rett før jul, og var hos sorenskrivaren 30. desember. Sidan me alt hadde fått oss hus og ungar, kunne me vel like godt gifta oss òg, tenkte me. Etter at me hadde vore hos sorenskrivaren gjekk me på Frugård for å eta tapas, fortel Agnes.

Bryllaupet blei gjennomført så smålåte som mogeleg, der foreldra til brudeparet var dei einaste på gjestelista. Festen på Frugård skulle heller ikkje bli noko storhending. Ikkje før det etter kvart gjekk opp for brudgommen at han ikkje hadde hatt utdrikkingslag, og dermed hadde blitt snytt for ein god fest.

– Ganske raskt byrja han å senda meldingar til folk, som kom for å feira med oss. Så medan eg var gravid i mitt eige bryllaup, og måtte vera edru, blei han veldig full. Klokka halv ti var me heime, og han sovna i bilen på vegen heim. Så me la oss som uvenner, og eg brukte kvelden til å lesa 150 sider i den veldig keisame Jens Stoltenberg-biografien, medan brudgommen låg og snorka ved sida av. Det blei ikkje ei veldig vellukka bryllaupsnatt.

HISTORIA OM korleis ho klarte å bli utestengt på livstid, må me lenger tilbake i tid for å henta fram. Ho hugsar ikkje heilt, men meiner det var i 2003 eller 2004. då ho studerte musikk og engelsk på Høgskolen Stord/Haugesund.

– Eg kunne bli veldig oppskjørta på ein måte som eg sjølv syntest var sjarmerande, men som andre syntest var ufyseleg. Det var eigentleg heilt idiotisk. Eg trur det må ha vore ei slags glede over å sjokkera seg sjølv, til dømes ved å ta vinflaskene frå bardisken og slengja dei i golvet. Det er jo ikkje eigentleg sånn kjempeartig. Berre heilt meinings-laust og dumt, seier Agnes.

– Kva tid slutta du å kasta vinflasker i golvet på bar?

– Etter eit par år. Eg tok vel den oppførselen vidare til Bergen, då eg flytta dit året etter.

Landleg
Landleg: I august 2015 flytta Agnes og Håvard frå Oslo til slektsgarden hans i Valevåg. Planen var å bu der medan han var i pappaperm. Halvanna år seinare har dei for alvor byrja å slå røter på bygda. Foto: Marius Knutsen

Agnes nøler litt, før ho held fram.

– Det er eit veldig kjekt spor me er inne på. Men eg hadde altså ei sånn veldig glede over å vera bøllete. Så blei eg vener med nokre jenter som hadde det på same måte. I Bergen pleidde me alltid å gå på Logen, der me tømde masse varmt vatn og såpe på golvet på damedoen. Dermed hamna dei som kom inn etter oss på skøyteisen. Det var liksom eit fast helgeopplegg, då eg gjekk på Skrivekunstakademiet. Det var sikkert eit resultat av eit sånn romantisk kunstnarsyn, at ein skulle gå ut og vera Kristiania-bohem.

– De dyrka dei kreative sidene dykkar?

– Ja, nettopp. Eg vil seia eg har klart å leggja dette bak meg med ganske stor suksess. Men det var ein kjekk fase.

TILBAKE I VALEVÅG trør Agnes rundt på stovegolvet, og sørgjer for at det alltid er kaffi i koppane. Bortsett frå kaffimaskinen er det stille i huset, som også er arbeidsstaden til Agnes. Håvard er på jobb og Jostein i barnehagen. Men kulen på magen ber tydeleg bod om at stilla snart vil ta slutt, når tre blir til fire.

– Det har vore kjempekjekt å bli foreldre, eigentleg. Og det blir berre kjekkare og kjekkare. Det er fantastisk å endeleg få nokre heilt andre erfaringar enn den suppa ein vanlegvis går rundt i, og ikkje minst sånn det var i Oslo, seier Agnes.

For sjølv om dei no for alvor held på å slå røter i Valevåg, er det Oslo som har vore heimbyen det aller meste av Agnes sitt vaksne liv. Det var der ho budde då ho slo gjennom som forfattar, og det var der ho bygde kontaktnettet som har hjelpt henne vidare i karrieren.

No har ho byta forlagsfestane med møte i bygdelaget, medan opplesingskveldane på Litteraturhuset har blitt erstatta av brennevin og drøs hos Einar Økland på nabogarden. Og ho har ikkje angra eitt sekund.

– Eg veit jo ikkje kva eg går glipp av. Eller, eg veit eigentleg det: Det er å samla på drosjerekningar opp til Marienlyst for å delta i panelsamtalar. Det er ingenting å sakna, for å seia det sånn. Når eg høyrer dei som sit og snakkar i desse panela, klarer eg ikkje å unngå å tenkja på dei som narkomane. Dei må berre seia ja til alt som normale, anstendige folk ville ha takka nei til. Eg synest i alle fall det er veldig deilig å takka nei til dette. Det handlar jo berre om haugevis av sende-flater som skal fyllast med noko. Så kjem desse narkomane halvkjendisane som seier seg villige til å bli med, medan skikkelege folk sit heime og jobbar.

– Seier det litt om verdsbiletet ditt når du seier at skikkelege folk sit heime og jobbar?

Folk og fe
Folk og fe: Heile karrieren har Agnes gjort det ho kunne for å sleppa å intervjua folk. Då er ho langt meir komfortabel med å bli intervjua sjølv. Foto: Marius Knutsen

– Hehe, ja eg kjenner ikkje til andre yrke. Men alle dei forskarane og akademikarane som sit der og bablar i veg, dei kunne heller ha sete på kontoret sitt då, i alle fall.

HO HAR sjølv blitt kjend for eit TV-program. Men i motsetning til dei fleste som får sine minutt i søkjelyset, fekk Agnes mest blest fordi ho aldri dukka opp på skjermen.

Etter planen skulle ho køyrast fram som eit ungt og lovande humortalent i Bård Tufte Johansen og Harald Eia sitt nye program «Storbynatt» i 2010. Men då det nærma seg premiere, valde den då 27 år gamle Agnes å hoppa av i svingen.

– Hovudgrunnen til at eg trekte meg er at eg trur det hadde gått ut over skrivinga mi. Eg trur at eg er sjølvopptatt nok frå før, om eg ikkje skal gå rundt og tru at eg blir kjent att på gata heile tida. Dessutan har eg ikkje noko å ha på meg på tv, sa ho til Dagbladet då det blei kjent at ho droppa den legendariske TV-duoen.

I ettertid ser ho på dette som eitt av dei beste vala ho nokosinne har gjort.

– Det var heilt fantastisk. På den eine sida fekk eg vist verda at Bård og Harald ville ha meg med i eit program, og på den andre sida slapp eg å vera med på det. Det var heilt nydeleg. Men no er eg veldig redd for å seia ja til noko og så trekka meg igjen, for då blir eg fort ho som trekk seg. Så no passar eg på å halda alle avtalar, seier Agnes.

– Du sat på ein måte igjen som ho som torde å seia ned til Bård og Harald?

– Ja, og som ein sånn utruleg heroisk person som takka nei til å vera på tv i ei tid der alle desperat ønskjer å komma på tv. Då var eg kjerringa mot straumen, og blei gjeve ein voldsom integritet. Men grunnen til at eg valde å takka nei, var at det sakte men sikkert gjekk opp for meg at det eg skulle gjera kom til å bli heilt mislukka. Me fann heller aldri ut heilt kva det var eg skulle gjera. Det einaste som var sikkert var at det kom til å bli veldig, veldig dårleg. Og programmet blei jo ein fiasko, sjølv utan meg, så det var jo utruleg deilig at eg ikkje var med. Eg var faktisk den einaste vinnaren i det opplegget der, seier Agnes.

SIDAN DEN GONG har ho opplevd ein eventyrleg suksess som forfattar. Etter fleire kritikarroste sakprosabøker, som tok utgangspunkt i artikkel-seriar ho har skrive for Dag og Tid, tok det for alvor av då romanen Fugletribunalet kom ut i 2013. Ifølgje informasjonssjef Karin Helgøy i Samlaget har boka så langt eit opplag på over 33.000 bøker berre i Norge. I tillegg er boka selt til Tyskland, England, Serbia, Danmark, Litauen, Tyrkia og Russland.

I 2014 fekk Agnes P2-lyttarane sin romanpris for boka, og i 2015 blei ho kåra av Morgenbladet til ein av landets ti mest lovande forfattarar under 35 år.

– Det som er litt dumt er at eg heng meg veldig opp i dei negative tilbakemeldingane, medan alle dei positive tilbakemeldingane raskt går i gløymeboka. Eg trur det er noko me har med oss frå savannane, der ein skanna miljøet for farar. Viss alt er OK, er det ikkje noko å bry seg om, men ein heng seg mykje meir opp i farane. Då får du eit behov som heile tida må fyllast på med fersk ros. Men samanlikna med då debutboka mi kom ut for ti år sidan, merkar eg at eg blir veldig mykje surare no. Då var eg nok i ein posisjon der eg stod veldig mykje meir med lua i handa, seier Agnes.

– Du har late deg overtyda om at du er noko?

– Nettopp! Nettopp! Viss nokon seier noko litt kritisk til meg no, så kan eg bli veldig sånn: «Er du klar over kven du eigentleg snakkar med no? Du veit at eg sel ganske mykje i England?»

Landleg
Landleg: I august 2015 flytta Agnes og Håvard frå Oslo til slektsgarden hans i Valevåg. Planen var å bu der medan han var i pappaperm. Halvanna år seinare har dei for alvor byrja å slå røter på bygda. Foto: Marius Knutsen

Ho ler når ho snakkar, men legg ikkje skjul på at det er eit snev av sanning i det ho seier.

– Eg må vera så ærleg og seia at anerkjenninga eg får er ei nyttig drivkraft. Den faktiske anerkjenninga er ei veldig kortvarig glede, men tanken på det kan vera motiverande. Det å vita at ein har ein heiagjeng gjer noko med ein, seier Agnes.

Og det gjeld ikkje berre bøkene.

– Eg hugsar då eg var gravid sist. Tre-fire veker før fødselen fekk eg beskjed om at han låg i seteleie. Då dei sa at eg han ikkje kom til å snu seg, tenkte eg «herregud, dette kjem til å bli grisete». og kvidde meg veldig til det. Men så sa jordmora at eg kom til å få med ein ekstra lege på føden, og at han ofte har med seg studentar. Og eg berre tenkte at det kanskje er bra å ha masse folk som står og heiar medan eg gjennomgår ein umenneskeleg fødsel. Då blei eg motivert og byrja å gle meg til det skulle skje. Så snudde han seg diverre i siste liten, så det blei ein ganske normal og keisam fødsel.

YNSKJET OM ein heiagjeng verkar nesten litt paradoksalt om ein ser på korleis Agnes jobbar. Gjennom heile karrieren har ho halde seg så langt vekke frå folk som ho har klart. Det har mellom anna resultert i ein artikkelserie der ho har spelt på eigne vanskar med sosiale situasjonar, som igjen blei til boka «Stillstand». Heile konseptet var Agnes si kjensle av å vera utanfor, og kva tankar det sette i sving.

Går me endå lenger tilbake – til den første, forsiktige starten – blir det for alvor tydeleg kor lite glad ho har vore i å snakka med folk. Som elev på Stord vidaregåande fekk ho jobb i Sunn-hordland i samband med Operasjon Dagsverk. Oppdraget ho fekk var å dekka OD-dagen for avisa. Med eit raskt søk i arkivet finn me ut at ho har skrive om klassekameratane Gaute Steffensen, Erlend Thoresen og Vidar Hope som valde ei litt utradisjonell løysing, og stilte seg i Borggata for å syngja og spela.

Vidare har Agnes intervjua Henriette Pedersen, som stoppa opp saman med borna sine for å «lytta til dei sjarmerande gatemusikantane».

– Det er kjekt å sjå at ungdomen ikkje er redde for å ta i eit tak i samband med solidaritetsarbeid, sa Pedersen.

Det er berre eitt lite problem. Unge Agnes snakka aldri med den imponerte småbarnsmora.

– Eg torde jo ikkje å stoppa heilt ekte folk og stilla dei spørsmål. Så då gjekk eg lenge rundt på Leirvik, før eg til slutt gjekk tilbake til redaksjonen og skreiv dette. Eg kom jo frå Ølen og hadde flytta til Stord, som eg syntest var ein verdsmetropol. Eg rekna jo ikkje med at nokon kunne sjekka om ho dama faktisk fanst, ler Agnes.

Då ho seinare fekk jobb i Grannar, måtte ho likevel krypa til krossen og oppsøkja vanlege, levande menneske.

– Då hadde eg kanskje fått litt meir sjølvtillit. Men eg syntest det var forferdeleg ubehageleg. Eg måtte heile tida ut i skiløypa og stoppa folk for å spør korleis føret var. Det var så fjernt frå mi komfortsone som det var mogeleg å komma. Eg måtte jo berre gjera det, men eg låg nesten alltid søvnlaus på nettene før eg skulle jobba ein laurdag og søndag i Grannar.

HEIME I VALEVÅG er det tid for fotografering. Agnes smiler og poserer utan problem. Ho er etter kvart godt vant til å få besøk av journalistar, og trivst på andre sida av bordet.

Litt motvillig viser ho veg opp trappa til loftet, der ho har kontoret. Langs veggen står ei seng, og midt på golvet ein slags ball ho sit på når ho skriv.

Ute går villsauene, og Agnes tar oss med inn i verkstaden, der ho held på å byggja eit bord.

– Når eg held på med sånne ting, tenkjer eg av og til at det var dette eg skulle ha drive med. Eg skulle ha starta ei sag, og jobba med dette på fulltid, ler Agnes.

Ho drar hendene over dei glatte fjølene som skal bli eit langbord når alt er ferdig. Smiler, ler litt, og kikkar i kamera.

– Eg føler meg litt halvnazi når eg trekk det fram som ein kvalitet, men det er noko litt fint med at son min veks opp i same hus som tippoldefaren sin. Det er ein veldig sånn «Blut und Boden»-tanke, men eg synest det er fint.

Denne reportasjen blei først publisert i magasinet Mitt Sunnhordland 31. mars 2017. Magasinet er tilgjengeleg digitalt for Sunnhordland sine abonnentar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut