annonse

– «Aina» kan bli farleg

Heftig
Heftig: Meteorologane meiner det er sannsynleg med store øydeleggingar i løpet av natta. (Foto: Meteorologisk institutt)

– Vestavinden er det verste, for han går rett mot land og langt inn i landet, seier Martin Granerød.

Kombinasjonen av vind, høg vasstand, høge bølgjer og ein lang periode med mykje nedbør gir potensiale for store øydeleggingar, seier statsmeteorolog Martin Granerød i Bergen til Yr.no.

Natt til fredag kan det blåsa full og sterk storm på Vestlandet. Sterk storm er hakket under orkan.

Les også: Norled innstiller snøggbåtruta til Bergen

Tidlegare i kveld blei det varsla ekstremvêr på Vestlandet sør for Sognefjorden, med vindkast på 35-40 meter per sekund. Havet vil også stiga i løpet av natta.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut