annonse

Aksjonærane kan henta ut 210 mill. kroner

Historisk
Historisk: Med ei årsomsetjing på 1.254,9 millionar kroner fekk konsernet SKL i 2018 eit resultat etter skatt på 354,6 millionar kroner. Her ser me adm.dir. John Martin Mjånes. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Resultatet er 201,7 millionar kroner betre enn i 2017.

Vidar Hope Olav Røli

Med ei årsomsetjing på 1.254,9 millionar kroner fekk konsernet SKL i 2018 eit resultat etter skatt på 354,6 millionar kroner. Resultatet er 201,7 millionar kroner betre enn i 2017. Det melder SKL.

Driftsresultatet i 2018 vart 822,9 millionar kroner mot 410,5 millionar kroner året før.

Skattekostnaden for 2018 er rekna til 468,3 mill. kroner, mot 253,5 mill. kroner i 2017.

– Årsresultatet er vesentleg betre enn 2017. Høgare pris og godt tilsig til kraftstasjonane er viktigaste grunnane til det gode resultatet. Vidare har prisen på elsertifikat og opphavsgarantiar vore høgare enn i 2017.

Dekningsbidraget for produksjon var på 1.053,2 mill. kroner mot 710,9 mill. kroner for 2017. Kraftproduksjonen til selskapa konsolidert i konsernet var i 2018 på 2.612 GWh, som er 14 prosent over det som er rekna som middels produksjon. Sjølv om sommaren 2018 var svært tørr, kom det godt tilsig frå Folgefonna, og SKL kunne produsera normalt i Blådalsvassdraget heile sommarhalvåret. Hausten gav rikeleg med nedbør, står det vidare.

Desse tilhøva skal ha ført til dei høge produksjonstala. Magasininnhaldet var ved inngangen til 2018 140 GWh høgare enn ved utgangen, ifølgje konsernet. Total nedbør i Matre vart 3.188 millimeter (12 prosent høgare enn normalt) mot 3.776 mm i 2017.

Gjennomsnittleg områdepris der SKL har hovuddelen av produksjonen enda på 41,5 øre/kWh, 14,7 øre/kWh høgare enn i 2017.

SKL er involvert i ei rekkje småkraftanlegg over store delar av Vestlandet gjennom heileigde og deleigde selskap. Seks småkraftverk i eigne selskap med ein gjennomsnittleg kraftproduksjon på 78 GWh. Gjennom tilknytte selskap har SKL eigarskap i ti småkraftverk, av desse er tre sett i drift i 2018. Selskapet deltek også i kraftproduksjon i Sauda gjennom eigardel på 15 prosent i AS Saudefaldene.

Les også: Jobbar med å få inn nye i SKL-bygget i Leirvik sentrum

Samla for selskapa som er konsolidert i konsernrekneskapen utgjer investering i driftsmidlar 82,5 millionar kroner.

Ved utgangen av 2018 hadde SKL 58 tilsette i 57,1 årsverk, og tre lærlingar, mot 61 tilsette i 2017.

Årsrekneskapen vart handsama i styret 25. februar. Styret tilrår ovanfor generalforsamlinga ei utbetaling til aksjonærane på 210 millionar kroner. Generalforsamlinga vert halden 29. april, melder SKL.

Stord kommune eig 2,1 prosent av aksjane i selskapet, og kan med det venta seg eit utbyte på omlag 4,1 millionar. Hadde kommunen sete på aksjeposten i SKL dei tidlegare hadde i selskapet, som vart seld i 1999/2000, kunne dei ha henta inn 26,25 millionar i utbyte.

Les også: Her opnar dei Haugaland Kraft si nye storstove på Heiane

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut